Gustavsen var statsråd i Jens Stoltenberg si regjering. Mange ser det som eit teikn i tida og som døme på avideologiseringa av Ap at ein så sentral politikar derfrå blir styreleiar i ein at dei ypperste eksponentane for pengeflytting og spekulasjonsøkonomi.

— Dette er klarert, og vi ser det som heilt uproblematisk, seier Lars Haukaas, administrerande direktør i arbeidsgjevarforeninga NAVO, til Bergens Tidende.

Han legg til at han ser det som berre fint at ein leiar i NAVO får innsikt og erfaring frå finanslivet på ein slik måte.

— Vi er ein rein arbeidsgjevarorganisasjon og engasjerer oss ikkje i næringspolitikk eller andre politiske spørsmål. Vi lagar tariffavtalar og kollektivavtalar og driv ikkje pengeflytting, seier Haukaas.

Gustavsen er ein av fleire direktørar i NAVO som organiserer offentleg eigde selskap.

Terje Moe Gustavsen var samferdsleminister i Stoltenberg-regjeringa, 2000-2001. Han var statssekretær ved statsministerens kontor i fire månadar i 1997 i Thorbjørn Jagland si regjeringstid.

Han har bakgrunn frå fagrørsla mellom anna som leiar i Statstenestemannskartellet. Han var i fleire år medlem av sentralstyret i Ap.

— Eg har ikkje fått nokon negative reaksjonar, korkje frå parti eller fagrørsle, over dette engasjementet, forsikrar han overfor Bergens Tidende.

— Det ville også overraske meg. Sundal Collier er ein viktig del av norsk næringsliv og driv med rådgjeving og transaksjonar som sørgar for tilgang på kapital. Vi skapar og utviklar arbeidsplassar i Noreg. Vi har sete i Noreg og er viktig for utviklinga i Noreg, forklarar Gustavsen.

Han har vore styremedlem i selskapt i to år, før han nå får opprykk til styreleiar. Han har i to år hatt 100.000 aksjar i selskapet, ein post som i dag er verd innpå ein halv million kroner.