«Police and fire department has surrounded a car at #Oslo airport #osloexpl.»

Denne og liknande meldingar gjekk som ein farsott på nettsamfunnet Twitter kort tid etter at bomba gjekk av i Regjeringskvartalet fredag ettermiddag. Fleire posta den falske informasjonen, og krediterte blant andre BBC, CNN og TV 2 – utan at desse hadde meldt noko liknande. Også storkonsernet Yahoo! sin britiske twitterkonto melde om tre arrestasjonar i Oslo, og krediterte TV 2.

Twitter er ein uvurderleg informasjonskanal ved akutte hendingar, meiner førstekonsulent Kristian Bjørkelo ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen.

— Fredag var somme ting klare på Twitter lenge før dei tradisjonelle media hadde fått snusen av det. Men informasjonen er ufiltrert, så rykte kan oppstå veldig lett, seier han.

- Ta med ei klype salt

AUF-medlemmer på Utøya brukte Twitter flittig til å rapportera om dei grufulle hendingane som gjekk føre seg i halvannan time.

Dei falske meldingane baserer seg i stor grad på ei hending i fjor sommar, då ein uigur vart arrestert under mistanke for terrorplanar.

— I ein slik situasjon må ein ta alt med ei klype salt, meiner Bjørkelo ved UiB.

— Folk har ikkje nok tid til å sjekka at informasjonen stemmer, og det heile blir veldig umiddelbart og spontant. Informasjonen er ikkje korrekt før det kjem frå offisielt hald. Sitatet med den omringa bilen spreidde seg ganske sikkert også til meir offisielle nyheitskanalar enn Twitter, held han fram.

Plukka opp frå TV

Bergensaren Thomas S. Thrap er ein av dei som vidareformidla den falske informasjonen.

— Eg vidareformidla det som blei sagt i andre media, slik mange andre gjorde. Grunnen var at eg hadde følgjarar i USA som ville ha nyare oppdateringar enn dei fekk gjennom tradisjonelle media.

Sitatet om arrestasjonane og den omringa bilen, meiner Thrap han tok anten frå ein TV-kanal eller ei nettavis – sannsynlegvis frå Noreg.

— Eg hugsar ikkje nøyaktig kor eg fekk det frå – det var så mykje informasjon at det gjekk litt i ball. Men det er sjølvsagt farleg, sidan rykte kan oppstå utan at nokon har uttalt seg offisielt, seier han.

Vand med feilsiteringar

Nyheitsredaktør Jan Ove Årsæther i TV 2 meiner ein ikkje må ta all informasjon på Twitter for god fisk.

— Informasjonen er ikkje verifisert, profilar kan vera falske, og det kan lett oppstå misforståingar. Så ein må vera vaktsam og ta atterhald mot det som blir posta på Twitter.

TV 2 lever etter dét prinsippet, ifølgje redaktøren.

— Alle opplysningar skal bli kontrollerte og sjekka. I mange tilfelle er informasjonen riktig, i andre tilfelle er det ikkje slik. Me er vand til at folk har ei slags tolking av nyhenda – det er avgrensa kva ein kan styra av slikt.

CNN spreidde løgn

CNNs Piers Morgan var blant dei som på nettet reagerte på det norske straffesystemet etter at gjerningsmannen var arrestert.

«Medan me snakkar om skandalar, denne umenneskelege, psykotiske drapsmannen kan berre få ei fengselsstraff på 21 år under norsk lov? SERIØST???», skreiv han på Twitter fredag kveld.

Morgan hadde ikkje fått med seg lova om forvaringsstraff, som seier at ein fange kan bli sitjande i fengsel om han framleis blir vurdert som ein fare for samfunnet. Mange på Twitter reagerte difor sterkt på utsegna til talkshow-verten i den prestisjetunge nyheitskanalen.

Falskt Obama-sitat

Også på andre sosiale nettsider som Facebook og Google+ har feilinformasjon sirkulert. USA-president Barack Obama skal blant anna ha sagt at Noreg no er det største landet i verda, grunna måten folket taklar åtaka på.

Bloggaren Gunnar Roland Tjomlid var blant dei som lukta at sitatet ikkje stemte. Han meiner det kan vera menneskeleg å spreia den type informasjon.

— Ein ønskjer å vera den første til å seia noko, sjølv om det berre er basert på rykte. Når ein har det ønsket, er gjerne kjeldekritikken litt dårleg.

Meldingane om påståtte arrestasjonar og den omringa bilen på Gardermoen filtrerte han sjølv vekk.

— Det må ha vore fordi eg såg at det ikkje blei gjenteke ofte nok. Ein må sjå på dét, og leggja vekt på kven som gir att informasjonen. Elles kan det vera vanskeleg å veta – Obama-sitatet kunne eg like gjerne ha vidareformidla sjølv, men det var noko som skurra.