Også tradisjonelle nynorskkommunar slit.

For ti år sidan var det totalt 521 elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen i Oslo, Stavanger og Trondheim. No er talet fattige 66 til saman.

I Bergen står nynorsk sterkare, men også her går det same veg, nemleg nedover, og det temmeleg fort. For fem år sidan var talet på bergenske nynorskelevar over 1600. No er talet ned mot 1000. Ein tredel er borte vekk.

Tapar i 24 av 33 kommunar Om det er flest nynorskelevar i Hordaland, er det Sogn og Fjordane som er nynorskens faste borg med ein nynorskdel blant grunnskuleelevane på heile 97 prosent i inneverande skuleår. Det er same prosent som i 1999.

Det har til og med blitt færre bokmålselevar dei siste ti åra. Problemet er at det er blitt endå færre nynorskelevar. Difor veks bokmålsandelen også i Sogn og Fjordane, om enn marginalt.

I 24 av Hordalands 33 kommunar taper nynorsk terreng blant grunnskuleelevane. Rett nok er tala i einskilde kommunar så låge at berre eit par elevar gir utslag på statistikken. Tendensen er likevel tydeleg nok. Nynorsk er på vikande front, bokmål styrkar seg over nesten heile Hordaland.

Motstraumskommunar Blant Bergens nabokommunar er bokmålstrenden sterk. Fjell blei kåra til årets nynorskkommune for fem år sidan. Det var siste skuleåret med nynorskfleirtal i kommunen. I dag er det berre fire av ti elevar med nynorsk som hovudmål.

I 1999 var bokmål som hovudmål eit nesten ikkje-eksisterande fenomen i Øygarden. I dag har kvar femte øygardselev bokmål som sitt første skriftspråk. For ti år sidan var bokmålsandelen på Øygarden ungdomsskule på knapt seks prosent. I dag er talet over 40 prosent.

Odda og Kvinnherad er motstraumskommunane i Hordaland. I Kvinnherad er det berre 25 bokmålselevar som hindrar det totale nynorskhegemoniet. Nynorskdelen har auka frå 95 til 99 prosent på ti år. I Odda har nynorskdelen auka frå 55 prosent i 1996 til 60 prosent i 1999, og til 66 prosent i inneverande skuleår.