• Når forsvarssjefen får ein klar skriftleg instruks frå forsvarsministeren, må han sjølvsagt formidle den skriftleg nedover til dei underordna ledda.

Pensjonert admiral Einar Skorgen er ein av dei som er sterkt kritisk til forsvarssjef Sigurd Frisvold si handtering og manglande oppfølging av direktivet frå tidlegare forsvarsminister Bjørn Tore Godal. Det påla Frisvold å søke politisk klarering med kvar ein bruk av «kontroversiell ammunisjon».

Overfor Bergens Tidende er Skorgen heilt klar på at forsvarssjefen skulle ha informert dei to øverstkommanderande, den eine for Sør-Noreg, den andre for Nord-Noreg, om dette.

— Heilt utenkjeleg

— Det er sjølvsagt også heilt nødvendig at sjefane for dei ulike våpengreinene blir direkte varsla om direktivet frå forsvarsministeren. Noko anna ville vere heilt utenkjeleg., seier Skorgen.

Difor nektar eg i det lengste å tru at informasjonen ikkje har gått vidare i systemet.

— Dersom det likevel er situasjonen, bør nokon trekkje nokre sterkare konklusjonar enn å refse nokre underordna, legg Skorgen til.

Utlagd betyr dette at Skorgen meiner forsvarssjef Frisvold sjølv bør gå, framfor å velte ansvaret over på underordna.

Skorgen seier at han eigentleg trudde at saka om klasebombene ville gli over, men etter det han nå har fått kjennskap til, har han endra oppfatning.

- Skremmande

— Det er uhyre skremmande om forsvarssjefen ikkje har formidla dette klare pålegget vidare. Det blir spennande å sjå den vidare utviklinga i denne saka, seier Skorgen.

Skorgen har merka seg at forsvarsminister Kristin Krohn Devold har «konfirmert» at forsvarssjef Sigurd Frisvold treffer «personellmessige disposisjonar» som refs og forflyttingar overfor underordna i denne saka.

Leiaren i forsvarskomiteen på Stortinget, Marit Nybakk, seier til Bergens Tidende at «det kan bli aktuelt å stille spørsmål til statsråden om ho er nøgd med den måten forsvarssjefen har fylgt opp instruksen frå forsvarsministeren på.

— Det er ikkje nytt at forsvarsministeren i stor grad aksepterer svært mykje av det som kjem frå Forsvarets Overkommando. Det har skjedd trass i at ikkje alt som har kome derfrå har vore bra nok, seier Nybakk og viser til striden om samanslåinga av det nasjonale militære hovudkvarteret med eit Nato-hovudkvarter.

Munnkorg

— Du fekk munnkorg?

— Ja. Det er for det første heilt forkasteleg. Det er dessutan ein heilt ny situasjon at Forsvarets Overkommando innfører munnkorg. Norske offiserar er så lojale at dei ikkje seier ifrå utan at det er sakleg grunnlag for det. Men den retten bør dei ha.

— Det er også innførd munnkorg for dei impliserte i klasebombesaka?

— Eg registrerer det. Det er svært uheldig. Når det skjer, ser eg ingen annan grunn enn at overkommandoen og departementet har ønskje om å hindre at alt kjem fram og ønskjer å dekke seg sjølv, seier pensjonert admiral Einar Skorgen.

Førstkommande torsdag blir ein avgjerende dag for Kristin Krohn Devold. Då skal ho møte Stortingets forsvarskomité i to høringar der alle problemsakene og handteringa av dei vil stå på dagsordenen.