— Dersom dette er rett, er det svært alvorleg, seier saksordføraren, stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy (SV) til Bergens Tidende.

— Det er ein altfor lettvint omgang med fakta når forsvarssjefen gjev eit slikt svar til Stortinget. Dersom dette stemmer, ventar eg ei skriftleg korrigering med orsaking frå forsvarssjefen før veka er ute, seier Frp-formann Carl I. Hagen til Bergens Tidende.

Ellingsen-saka

Forsvarssjefen møtte til kontrollhøyringa saman med forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Statsråden var kalla inn for å svare på si handtering av ei omstridd personalsak frå Forsvaret som nå går under namnet Ellingsen-saka. Det gjeld avdelingsdirektør Owe Ellingsen som først vart fråteken tryggingsklareringa og deretter oppsagt.

I april i fjor tapte staten i oppseiingssaka Ellingsen hadde reist. Statsråden anka dommen, men trekte sidan anken etter først å ha tilbydd Ellingsen 1,25 millionar kroner mot at han sa opp jobben og heldt kjeft.

Brev sporlaust borte

Under høyringa hevda statsråden at ho og Forsvaret hadde eit sterkt ynskje om dialog med den oppsagte avdelingsdirektøren og at han hadde fått tilbod om ei «adekvat stilling».

Advokaten til Ellingsen, Erik Fredum, tok opp spørsmålet om kva slags stilling Forsvaret ville tilby Ellingsen i eit brev datert 10. september 2002.

Advokaten og Ellingsen har aldri fått svar på brevet. Brevet er ifylgje statsråden og forsvarssjefen «sporlaust borte» i Forsvarets Overkommando.

Heller ikkje tre purringar på brevet resulterte i at Forsvaret svarte på brevet.

Då Frp-formann Carl I. Hagen i går ville vite kva Forsvaret hadde gjort med purringane for å skaffe seg det opprinnelege brevet, opplyste forsvarssjef Frisvold at Forsvaret hadde teke telefonisk kontakt med advokat Fredum for å få ein ny kopi av brevet.

- Ikkje rett

— Dette er ikkje rett, seier advokat Fredum, heilt kategorisk til Bergens Tidende. Forsvaret hadde telefonisk kontakt med meg etter at dei fekk den første purringa, men dei opplyste ingenting om at dei mangla det opprinnelege brevet. Dei ba heller aldri om å få det, seier Fredum.

Ellingen sjølv er kraftig provosert av statsråd Devold sine utsegner og forklaringar i saka. Spesielt reagerer han på måten ho forklarer snuoperasjonen frå å anke til å trekkje anken «av menneskelege omsyn».

- Falskt og krenkande

— Eg opplever dette som falskt og krenkande, sa Ellingsen til Kontrollkomiteen under høyringa.

Sjølv meiner han Devold trekte anken avdi ho var blitt redd for at staten ville tape også ankesaka etter at Ellingsen hadde presentert bevismaterialet sitt.

Høyringa i går verka ikkje til å mildne kritikken mot statsråd Devold frå Ap, SV og Frp. Desse partia meiner det er mykje som ikkje stemmer i saka. Mellom anna finn ein det merkeleg at departementet tilbyr Ellingsen ny jobb samstundes som ein anker.

— Å anke dommen var nettopp uttrykk for at ein ikkje ynskjer å ha Ellingsen i Forsvaret, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen.

— Saka kan vel ende med eit framlegg til votering i stortingssalen, trugar Carl I. Hagen.

Harde frontar

I går hevda Devold at ho er overtydd om at ingen i Forsvaret eller i departementet har hatt ein «skjult agenda» for å bli kvitt Ellingsen. Ho sa samstundes at det aldri hadde vore aktuelt å vurdere å la Ellingsen få ei stilling i det nye integrerte Forsvarsdepartementet.

— Devold held fram med bortforklaringane. Dersom ho nå meiner alvor med at ho ynskjer ei løysing basert på ein dialog, er det bra. Hittil har eg berre opplevd diktat. Nå har eg til og med opplevd at Forsvarets Overkommando prøver å øve påtrykk på meg gjennom vener, seier Ellingsen til BT.

«RINGTE IKKJE»: Forsvarssjef Sigurd Frisvold hevdar at Forsvaret ringte for å få ein kopi av eit brev advokaten Owe Ellingsen sende i fjor. - Det er ikkje rett, seier advokaten til BT. Her Frisvold og statsråd Kristin Krohn Devold under høyringa.<p/> FOTO: SCANPIX