Med forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H) ved si side sat Frisvold og fortalde Stortinget at det ikkje er rett at forsvarssjefens internrevisjon er lagt ned.

Frisvold vart konfrontert med saka både under høyringa 21. februar og 4. mars. Begge gongar nekta han for at forsvarssjefens internrevisjon var lagt ned.

Gjenopprettar revisjon

Samstundes fortalde den tidlegare leiaren for forsvarssjefens internrevisjon til Bergens Tidende at internrevisjonen var lagt ned.

Og tidlegare forsvarssjef Arne Solli, som oppretta internrevisjonen, uttalte til Bergens Tidende at han var forundra over kva som hadde skjedd med internrevisjonen etter at han gjekk av.

I går kunne så den nye forsvarssjefen, Sverre Diesen, opplyse at han vil gjenopprette forsvarssjefens internrevisjon. Det skjer med direkte bakgrunn i dei alvorlege forholda som er avdekte innan økonomiforvaltning i Forsvaret. Det gjeld både Atle Karlsvik-saka og informasjonsteknologiområdet.

Diesen omtalte det som «ei forståeleg avgjerd» då internrevisjonen vart lagt ned. Han la til at det nå er behov for å gjenopprette internrevisjonen, for betre kontrollen. Han svara unnvikande då han fekk spørsmål om Frisvold gav rette opplysningar til Stortinget i vår.

Realitetane

Realiteten i det som skjedde i Frisvold si tid, var at han først avvikla forsvarssjefens internrevisjon som låg i lina direkte under forsvarssjefen og rapporterte til han. Den var på 15-20 medarbeidarar.

Seinare oppretta han ei ny revisjonsgruppe på tre personar som låg markert lengre ned i organisasjonen og altså ikkje var direkte underlagt forsvarssjefen.

Bergens Tidende har vore i kontakt med talspersonane for dei tre opposisjonspartia som sat i Kontrollkomiteen i førre stortingsperiode. Dei reagerer alle kraftig på dei opplysningane som nå har kome fram.

— Alvorleg

— Det er alvorleg dersom det er slik at forsvarssjefen sin internrevisjon ikkje var operativ då forsvarssjef Frisvold forklarte seg for Stortinget. Då er det gjeve direkte urette opplysningar til Stortinget, seier Ågot Valle, som leidde Kontrollkomiteen.

— Like alvorleg er det at svekking og nedbygging av internrevisjonen kan ha medverka til dei økonomiproblema og manglande økonomikontroll og styring som Forsvaret er oppe i. Eg spør meg kva den tidlegare forsvarsministeren visste om dette då ho møtte til høyring. Kva hadde ho å seie til at forsvarssjefen svekte ein viktig kontrollfunksjon i ei tid der problema i Forsvaret tårna seg opp? spør Valle.

- Devold sitt ansvar

— Formuleringane i svara forsvarssjefen gav, var nok tilpassa situasjonen. Vi meinte då og eg meiner nå at det var veldig ille at forsvarssjefen svekte internrevisjonen, seier tidlegare stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han var saksordførar for forsvarssakene i Kontrollkomiteen i førre periode.

Engebretsen legg til at det er ingen tvil om at det var forsvarsminister Kristin Krohn Devold som sat med det politiske ansvaret for det som skjedde og det som vart fortald til Stortinget.

— Den politiske leiinga i departementet hadde også ansvaret for organiseringa av Forsvaret, inkludert nedbygging av internrevisjonen, seier Engebretsen.

- I underleg lys

Frp-formann Carl I. Hagen, som framleis sit i Kontrollkomiteen, reagerer også sterkt:

— Utsegnene frå den tidlegare forsvarssjefen og forsvarsministeren om økonomikontrollen i Forsvaret kjem i eit underleg lys etter dette. Det er grunn til å stille spørsmål ved at forsvarssjefen aktivt har avvikla eller bygd ned sitt eige apparat for økonomikontroll. Dette underbygger Frp sine vurderingar og konklusjonar når det gjeld ansvaret for budsjettoverskridingane. Det er all grunn til å reise tvil om det var rett å plassere ansvaret på generalinspektøren for Hæren og direktøren i Forsvarets Logistikkorganisasjon.

ALVORLEG: Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ser svært alvorleg på dei forholda som er avdekt. ¿ Nåskal vi til botns i dette. Forsvaret er avhengig av tillit hjå folk flest. Forsvarssjef Sverre Diesen fekk ordre om å setjei verk ei ekstern, uavhengig gransking.
HÅVARD BJELLAND