Det er nå opp til Stortinget, heilt og fullt, å avgjere kva konsekvensar saka skal få.

— Kritikken mot 2004-reknskapen for Forsvarets militære organisasjon (FMO) frå Riksrevisjonen er så beinhard at det er vanskeleg å tenkje seg at Riksrevisjonen kunne ha godkjend resultatet, seier stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) til Bergens Tidende.

Ho er leiar for Kontrollkomiteen på Stortinget som nå får saka til behandling.

- Ikke akseptable

I ein samanfattande konklusjon frå Riksrevisjonen heiter det såleis: «Flere av disposisjonene som ligger til grunn for regnskapet, samsvarer ikke med Stortingets vedtak og forutsetninger. Det foreligger også vesentlige brudd på gjeldende regelverk, og enkelte disposisjoner er ikke akseptable ut fra normer og standarder for statlig økonimiforvaltning.»

Ein annan konklusjon lyder slik:

«Riksrevisjonen har vesentlige merknader til regnskapet for FMO og gjennomføringen av budsjettet, og kan ikke bekrefte at regnskapet for FMO er uten vesentlige feil og mangler, selv om det er forbedringer fra 2003.» Forsvarsdepartementet har i all hovudsak slutta seg til desse vurderingane.

På fleire område har det skjedd betring i høve til merknadane i fjor. Det gjeld mellom anna at postar i balansen er spesifisert og dokumentert. Og for Forsvarets Forskingsinstitutt, Forsvarsbygg og Nasjonal Sikkerhetsmyndighet har revisjonen ingen vesntlege merknadar. Også i 2004 er det avdekke brot på regelverket for offentlege innkjøp.

Eit svært alvorleg forhold som Riksrevisjonen slår ned på, er at Forvsrate ikkje kan gjere greie for militærmateriell for minst tre milliardar kroner knytt til utanlandsoperasjonar i Afghanistan og Irak.

Utanlandsoperasjonane ligg under forsvarssjefen. Difor råkar kritikken den nyleg avgåtte forsvarssjefen, Sigurd Frisvold, direkte. Han på si side, sørga i januar for å sparke generalinspektøren for Hæren, Lars J. Sølvberg og sjefen for Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO) Erik Hernes på grunn av budsjettoverskridingar.

«Syndebukkar»

Det skjedde med godkjenning frå forsvarsministeren. Opposisjonen på Stortinget var sterkt kritisk og meinte Sølvberg og Hernes vart gjort til syndebukkar for milliardsprekken på forsvarsbudsjettet for 2004.

Og denne handlinga var den direkte bakgrunnen for at Frp fremja mistillit mot forsvarsministeren 5. april i år.

I rapporten skriv Riksrevisjonen mellom anna: «I 2003 var det ikke ført materiellregnskaper verken i Irak eller Afghanistan. Revisjonen for 2004 viser at det ikke er mulig å oppdrive ajourførte beholdningslitser for disse enhetene. Det foreligger heller ikke egenkontrollplaner. Det er med andre ord fortsatt ikke kontroll med dette materiellet. Etter Riksrevisjonens beregninger er det tale om materiell til en verdi av minimum tre milliarder kroner.» Forsvaret eller departementet har ikkje søkt å korrigere desse opplysningane.

Sterke funn

Riksrevisjonen slår ned på ei rad forhold. n Personalmedarbeidarar har hatt høve til å registrere lønsdata på seg sjølv. Det er ikkje etablert tilfredsstillande rutinar for å hindre feil og mislege forhold - at folk tiltuskar seg for mykje betaling.

n Forsvaret har innførd «horisontal samhandel» som inneber at FLO står for innkjøp av varer og materiell og sel det vidare til dei ulike avdelingane. Revisjonen har avdekka leveransar som det ikkje fanst betalingsviljuge kundar til. I fleire tilfelle er dette avdekka først etter at kunden har motteke faktura.

— Riksrevisjonen har avdekka mange alvorlege feil og manglar også ved 2004-reknskapen. Eg kan ikkje seie anna enn at vi på Stortinget er forskrekka over dette, etter at forsvarsministeren fleire gongar har gjeve uttrykk for at kontrollen er blitt så god, seier Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen og saksordførar for saka om sal av Lista flystasjon.

Frp-formann og parlamentarisk leiar Carl I. Hagen seier at han langt frå er overraska over kritikken frå Riksrevisjonen. - Vi har lenge meint og sagt at det er ikkje nokon kontroll med økonmien i Forsvaret og at dagens statsråd er ute av stand til å få kontroll. Men så lenge Ap og SV har valt å frede denne statsråden, kan både ho og Regjeringa la vere å ta notis av kva Stortinget måtte meine.