Dette er ein hovudkonklusjonen i ein granskingsrapport som professor Kjell A. Eliassen ved Handelshøgskolen BI, har laga på oppdrag frå Teknologibedriftenes Landsforening, TBL.

— Trass i uttalt motstand i fleire land mot bruk av attkjøpsavtalar, ser vi at bruken av slike avtalar aukar i omfang. Og land som tidlegare ikkje har nytta attkjøpsavtalar, har nå fått regelverk som kneset prinsippet om attkjøp. Ordninga er komen for å bli, og eg trur den vil vare til evig tid, seier Eliassen.

Avliva

— Vi ventar at vi gjennom denne undersøkinga blir kvitt nokre mytar om at prinsippet om attkjøp er på veg til skraphaugen. Debatten om for eller mot attkjøp kan nå avsluttast, seier Knut E. Sunde, til Bergens Tidende. Han er direktør og leiar for næringspolitisk avdeling i TBL.

Sunde legg til at den teknologiske avkastinga mot sivil produksjon av attkjøpsavtalar i militærkontraktar er «veldig stor og spennande».

Pingvin til Spania

— Den kanskje aller viktigaste effekten av attkjøpsavtalar, er at den opnar for norske leverandørar til å kome i kontakt med større kjøparar ute, seier Knut Herrefoss i Forsvarets logistikkorganisasjon i FO, til Bergens Tidende.

Herrefoss kan opplyse at det spanske forsvaret i kjølvatnet av fregatt-kontrakten har sagt seg interessert i å kjøpe norsk militært materiell for inntil 2,5 milliardar kroner. Spanjolane har allereie kjøpt Pingvinraketten frå Kongsberg for fleire hundre millionar.

Eliassen meiner å kunne slå fast at attkjøp fordyrar militærmateriellet med 3-7 prosent men vedgår at vurderinga er usikker. Effekten av teknologioverføring- og utvikling ved slike kontraktar er ikkje trekt inn i vurderinga.

Argumentasjonen omkring bruken av attkjøpsavtalar er ifølgje Eliassen, dels at «alle andre har slike klausular», dels at dei er eit godt industripolitisk verkemiddel.

Kuvending i Sverige

Eliassen har granska forholda i Spania, Nederland og Sverige. Han er nå i gang med å granske forholda i Storbritannia, Tyskland og Frankrike.

Det skjer på oppdrag frå Forsvarsdepartementet.

Både Sverige og Nederland er «prinsipielle motstandarar» - i alle fall verbalt, av attkjøpsavtalar. Likevel har begge landa i seinare år fått reglar som sørgar for at attkjøp også blir brukt ved eigne innkjøp av militært materiell frå utlandet. I Sverige gjeld regelverket ved alle innkjøp for over 100 millionar kroner. Nederland, som verbalt er mest imot attkjøp, har eit regelverk som slår fast at alle innkjøp over to millionar euro (15-16 millionar kroner) utløyser attkjøp. I Noreg vart terskelverdien heva frå 50 til 75 millionar kroner for eit par år sidan.

Avspenninga

— Spania har ei heilt anna haldning verbalt til attkjøpsavtalar enn Sverige og Nederland. Og Spania har brukt attkjøpsavtalar systematisk til å utvikle eigen industri, opplyser Eliassen.

EU-kommisjonen har i årevis ført ein kamp for å avvikle ordningane med attkjøpsavtalar, utan å nå fram.

Eliassen meiner at nedbygging av nasjonal militærindustri i takt med avspenninga i Europa, har auka dei einskilde landa sin iver etter å ta i bruk attkjøpsavtalar for å trygge eigen militærindustri. Det gjeld sjølv om det er ei alminneleg oppfatning at attkjøpsavtalar verkar til å fordyre leveransane av militærmateriell.

Fakta/attkjøpsavtalar

  • Noreg, tilliks med svært mange andre land, krev motytingar frå land som får kontraktar om leveransar av militært utstyr til Noreg. Dei fleste landa krev at produsentlandet skal gjere industrikjøp som tilsvarer kontraktsummen 100 prosent.
  • Då den spanske verftsgrupperinga Izar i 2000 fekk kontrakten på bygging av nye fregattar til Noreg, måtte selskapet samstundes binde seg til spanske industriinnkjøp i Noreg for 10 milliardar kroner innan utgangen av 2009. Ved siste årsskiftet hadde vel 100 norske bedrifter fått kontraktar om leveransar til Spania for tilsaman vel 3,3 milliardar. Det er Forsvarets Overkommando som avgjer kva som kan aksepterast som relevante industriinnkjøp som går inn under avtalen.