• Målt opp mot fordelane, er kostnadene med Ringeriksbanen ikkje vanskeleg å forsvara.

Det seier jernbanedirektør John Ole Grinde. Omtalen av Ringeriksbanen som eit ulønsamt prosjekt har fått regiondirektøren (region sør) i Jernbaneverket til å ta til motmæle.

Trass i låg nytte/kost-faktor, meiner Grinde at banen er eit godt prosjekt. Den samfunnsøkonomiske lønsemda er betre enn samanliknbare strategiske prosjekt, både for jernbane og veg, meiner han.

— Ser ein bort frå reknestykka, handlar Ringeriksbanen også om samferdslepolitiske prioriteringar, og vilje til å satsa på ei moderne jernbane, seier Grinde.

Han legg vekt på at togreisande mellom Hønefoss og Oslo sparer nesten ein time, at Gol-Oslo kan gjerast unna på halvannan time og Bergen-Oslo på under fem.

Sjølv om det er opplest og vedtatt at Ringeriksbanen ikkje skal byggjast før om ti år, rasar debatten om trasévalet, særleg aktualisert ved den tillyste synfaringa no i april for samferdslekomitéen i Stortinget.

Jernbaneverket tilrår jernbane i ope lende gjennom det meste av Hole kommune. Men etaten seier at lina over Åsa, med enda fleire kilometer i tunnel, også vil gje god nytte, sjølv om lina blir ein halv milliard kroner dyrare.

Motstandsgruppa «Bygda vår» i Hole vil heller halda på busstransporten til Oslo, frå mellom 20 og 30 haldeplassar, framfor ein jernbanestasjon. Leiaren Fredrik Hildisch presiserer overfor Bergens Tidende at gruppa ikkje er invitert til møtet med samferdslekomitéen.