VIDAR YSTAD

Med bakgrunn i den ferske avgjerda frå Høgsterett, som påla påtalemakta å gje forsvararane innsyn i kven som var politiet sine kjelder, tek Qvigstad bladet frå munnen:

— Alltid anonyme kjelder

— Bruk av anonyme kjelder er ingen ny situasjon. Politiet har alltid hatt kjelder og har verna dei mot å bli avslørt. Påtalemakta har fylgt opp ved å hindre at kjeldene blir eksponert under behandling av straffesakene i retten.

— Det som er nytt, er at det er blitt eit veldig fokus på at politiet mottek tips, og at det kjem krav om innsyn. Det stiller samfunnet overfor eit svært vanskeleg dilemma: Mitt syn er at vi ikkje må stille oss slik at denne informasjonsstraumen til politiet frå svært ulike kjelder, tørkar inn fordi folk ikkje vågar å snakke med politiet i otte for at dei skal bli eksponert.

Qvigstad seier at påtalemakta har den haldninga at ein ikkje kan fremje straffesaker som kompromitterer kjeldene.

— Vi kan ikkje gje 100 prosent garanti om at kjeldene alltid vil forbli anonyme, men kjeldevernet må vere sterkast råd.

Rettstryggleiken

— Men kva med rettstryggleiken for dei som blir tiltala og i neste omgang dømd?

— Ingen blir dømd på grunnlag av kjeldeopplysningar. Det er berre hjelpemiddel for politiet. Alt påtalemakta gjer bruk av som bevis må sjølvsagt forsvararen få tilgang til og innsyn i.

— Dette handlar ikkje om anonyme vitne eller bevis til bruk i retten, som forsvararen ikkje får tilgang til.

Qvigstad opplyser at det opp gjennom åra har kome mange tips til politiet - også frå det kriminelle miljøet - som har resultert i oppklaring av alvorlege kriminalsaker.

— Røyndomen er ofte meir kompleks enn det ein tenkjer seg. Det hender ofte at opplysningar i ei lita straffesak har trådar over til ei anna og mykje større straffesak. Vi må sikre oss at vi framleis kan utnytte slike trådar, utan otte for utilsikta konsekvensar. Kriminaliteten er blitt hardare, og konsekvensen av å eksponere tipsarar og kjelder kan bli svært alvorlege, seier Qvigstad.

Grunnleggande

Qvigstad vil ikkje skilje mellom tips om alvorleg, organisert kriminalitet og såkalla kvardagskriminalitet.

— Eit viktig poeng for meg, er at sjølv om det ikkje står om liv og død er det viktig at opplysningane som politiet i dag får, ikkje blir borte. Det gjeld alle typar saker. Eg er alvorleg redd for at det vil svekke kampen vår mot alle former for kriminalitet, om tipsarane skal tvingast fram i lyset. Ein må også stille seg spørsmålet kva behov det er for å få kjennskap til kjeldene. I botn og grunn kokar det ned til eit spørsmål om tillit til at politiet opptrer ærleg og skikkeleg.

— Kan ein ha det, utan vidare?

— Det meiner eg samfunnet må ha tillit til.

Kontrollere politiet

Qvigstad kan for sin del tenkje seg at ein uavhengig instans, som domstolane, får i oppgåve å overvake at politi og påtalemakt går rett fram når det gjeld bruk av kjeldeopplysningar.

— Vi kan godt legge fram alt materiale for domstolen. Påtalemakta har ingen problem med det. Vår uro rettar seg mot tryggleiken for kjelder og tipsarar. Vi har kort og godt ikkje råd til å trø feil. Det er heilt sentralt at ein unngår spreiing av opplysningar ut over det som er strengt naudsynt, seier Qvigstad.