— Eg har ingen problem med å sjå behovet for nybygg, og vi er innstilt på å stå på for å løyse problema så snart det er økonomisk mogleg. Men første bod er å drive i balanse.

Bryne ønskjer ikkje å kommentere påstandar om manglande entusiasme for barnesjukehuset i Helse Vest.

Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, forstår at leiinga på Barneklinikken og Psykisk helsevern for barn og unge er utolmodige.

— Det er ikkje tvil om at vi treng eit nytt barnesjukehus. Men Helse Vest som eig Helse Bergen, krev at vi har bereemne til å tole ei slik investering.

Kvinnsland reknar med å leggje fram eit nytt revidert forslag for styret i desember. Han innrømmer at det er usikkert om økonomien i Helse Bergen er solid nok til at barnesjukehuset kan stå ferdig i 2020, slik planen er.

— Vi arbeider no for at vi skal tilpasse planane til dei krava Helse Vest set. Men det kan vera vi må strekkja byggjetida over litt lengre tid enn planlagt.

Kvinnsland forklarar at staten set krav til korleis tilhøvet mellom driftsbudsjett og investeringsbudsjett skal vere i dei einskilde helseføretaka. Mellom anna er det føresetnaden at helseføretaka opparbeider seg overskot på drifta som seinare kan nyttast til investeringar. Føretaket må drivast slik at det er pengar til nye investeringar etter drifta er betalt.

— Slik er det ikkje så lenge vi ikkje klarer å drive i balanse. Vi har enno ikkje klart å leggja noko til sides. Difor er også styret i Helse Vest usikre på om vi kan fullføra prosjektet utan større låneopptak enn det investeringsramma gjev høve til, seier Kvinnsland.