• Han kalla seg Jan Kåre, men kunne ikkje norsk, seier Parisa Saleh (26).

Då 26-åringen vår skulle spandere på seg ny bil, byrja ho leitinga på Finn.no. Etter ei stund gav leitinga resultat, draumebilen var annonsert med ein prislapp på om lag halvparten av det tilsvarande bilar gjekk for.

— Annonsen verka påliteleg utanom det lave prisanslaget, seier Saleh.

Måtte sende bilen

Ho sende annonsøren ein e-post, og det var då ho fekk svar på denne at ho skjøna at noko var gale.

— Han kalla seg Jan Kåre, men han skreiv på engelsk og kunne ikkje norsk. Då forsto eg at det var ei falsk annonse, fortel Saleh.

I e-posten fortel den såkalla Jan Kåre at han har flytta frå Noreg til England og må sende bilen til ho. Han vil bruke firmaet Euro Logistics til dette, og Saleh må betale eit depositum til logistikkfirmaet for å få bilen frakta til Noreg.

Saleh blogga om hendinga, og håpar folk ikkje fell for svindelen.

Organisert svindel

  • Det florerer av denne typen svindel, og det er organisert kriminalitet som er vanskeleg å bli kvitt, seier økonomidirektør Frode Nordseth i Finn.no.

Han fortel at dei i Finn heile tida jobbar for å bli kvitt slike svindlar. Dei er i nær kontakt med Økokrim, som kallar verksemda «typisk Nigeria-svindel».

Vanskeleg å bli kvitt

  • Dette er folk som er vanskelege å ta fordi dei heile tida opprettar nye kontoar, og det er ingenting i annonsane som tyder på svindel. Men vi jobbar med saka, og kvar dag blir mellom femten og tjue slike annonsar fjerna frå våre sider, seier Nordseth.

Svindlarane stel bilete, tekst og identitet frå andre annonsar. Dermed har dei norske namn og ofte telefonnummer i annonsane som får dei til å verke seriøse. Søkjer ein på Euro Logistics på internett, finn ein ei flott heimeside, men firmaet er fiktivt og ein del av svindelen.

Gode tryggingsrutinar

Nordseth understrekar at Finn har svært gode tryggingsrutinar. Mellom anna har dei ein eigen betalingsgaranti som kan brukast til overføring av pengar.

— Om ein seljar ikkje vil bruke vårt sikre system, bør det ringe ei bjelle, seier Nordseth.

Stort problem

Akkurat denne typen svindel har herja annonsesidene i over eit halvt år, og har vore oppe i media før.

— Dette er eit stort problem i heile Europa, men dei som står bak er så godt som umoglege å ta, seier Nordseth.

— Den einaste måten å bli kvitt dette på, er om folk sluttar å betale dei, avsluttar han.

Har du opplevd nettsvindel? Skriv gjerne i kommentarfeltet!

ANTE URÅD: Parisa Salah vart forsøkt svindla då ho skulle kjøpe bil på Finn.no.
MARIA PILE SVÅSAND