OGNE ØYEHAUG

I åtte år på rad har firmaet Rådgivende Biologer i Bergen telt lakselus på sjøaurestammane frå Stad til Egersund.

— Slik har styresmakter, oppdrettarar og sportsfiskarar kunne kartlegge korleis arbeidet med å avgrense skadane den vesle krepsearten gjer på sjøaure- og villaksstammen har virka.

— Det har vore den absolutt viktigaste overvakinga vi har hatt, seier fiskeriforvaltar Atle Kambestad hos Fylkesmannen i Hordaland.

Luseplaga har til dømes fått mykje av skulda for at alle villaks-stammane i Hardangerelvane har krympa så mykje elvane er stengt for laksefiske.

Prinsippstrid

Direktoratet for Naturforvalting (DN) - som ligg under Miljøverndepartementet - vil ikkje betale dei 550.000 kronene kartlegginga kostar lenger.

Dette er ei sak for Mattilsynet, meiner DN, og viser til prinsippet om at ansvaret for overvaking må ligge hos den etaten som har det faglege ansvaret.

Men heller ikkje hos Mattilsynet - som ligg under Fiskeridepartementet - er det mykje å hente.

— Viss vi snakkar om pengar som monnar, må vi sjå fram til budsjettet for 2006, seier seniorrådgjevar Martin Binde i Nasjonalt senter for fisk og sjømat hos Mattilsynet.

Binde meiner striden til sjuande og sist må løysast mellom Miljø- og Fiskeridepartementet.

Dødeleg snyltar

Oppblomstringa av lakselus heng saman med framveksten av oppdrettsnæringa, som skaffa lakselusa mange nye fiskar å snylte på.

Når laks- og sjøauresmolt vandrar ut frå elvane om våren vert dei angripne av lakselusa. Dess meir lakselus i sjøen, dess større sjanse for angrep.

Lakselusa kan vere dødeleg. Forskarane reknar med at om ti lus festar seg på ein utvandrande laksesmolt vil den aldri vende tilbake til elvane for å gyte. Grensa for sjøaure er 30 lus.

Effektiv teljing

Difor er effektive tiltak mot lakselus viktig.

Men for å vite om tiltaka mot lakselus verkar må det teljast, og då er teljing av lus på sjøaure effektivt.

I motsetning til laksen som skal til havs for å beite seg stor og feit, vandrar sjøauren berre ut i fjordane.

Vert den angripen av lakselus rømmer den opp i elvane igjen, fordi lakselusa ikkje toler ferskvatn. Dette gjer at forskarane kan skaffe seg eit godt bilete av lusemengda i fjorden ved å fange sjøaure i elveosane.

Rosar oppdrettarane

Atle Kambestad hos fylkesmannen rosar oppdrettarane for å ha skjerpa innsatsen mot lakselus dei siste åra. Han er lei for at det no vert vanskelegare å måle resultatet av arbeidet.

Spesielt positivt meiner Kambestad samarbeidet mellom oppdrettarane i Hardanger er.

Gjennom «Hardanger Fiskehelsenettverk» samordnar oppdrettarane overvaking og tiltak mot lakselus, slik at til dømes bruk av kjemikaliar for å drepe lusa vert gjort samstundes i heile fjorden.

Eksemplet frå Hardanger har spreidd seg til andre. Oppdrettarane i Nordhordland stifta i vår Nordhordland Fiskehelsenettverk for å samordne sin innsats mot lakselus.