Advokaten som representerer mannen departementet ville sparke, meiner det er direkte årsakssamanheng mellom forfylginga han har vore utsett for, og at han nå er blitt ufør.

Ufør

— Det stemmer at klienten min er blitt ufør. Utan denne saka å slite med, er det ingen årsak til at han skulle få dei plagene han nå slit med, seier advokat Erik Fredum til Bergens Tidende.

I meir enn tre år arbeidde Forsvarsdepartementet med å få sparka mannen som var avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando. Trass i massiv kritikk frå Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, stod forsvarsminister Kristin Krohn Devold på sitt: Ho skulle ha mannen fjerna.

Då partane møttest i retten i fjor vår, enda det med dundrande nederlag for Forsvarsdepartementet.

«Kuvending»

Torsdag kunne Bergens Tidende fortelje at forsvarsminister Kristin Krohn Devold nå har godteke ein dom som det i juni i fjor «var umoglege å leve med».

Statsråden aksepterer nå at oppseiinga var usakleg og ugyldig og at mannen har krav på å få jobb att i Forsvaret.

Det paradoksale er at same dag som statsråden aksepterte dommen, hadde ho freista å presse mannen til å seie opp sjølv mot å få ein viss økonomisk kompensasjon.

— Det er vanskeleg å forstå logikken i dette, seier advokat Erik Fredum til Bergens Tidende. Han er advokat for avdelingsdirektøren.

— Eg reagerer dessto meir ettersom det har vore uttrykkeleg uttalt tverrpolitisk semje om at ein skal prøve å få folk som er blitt uføre tilbake til arbeidslivet, seier Fredum.

Fredum reagerer også på at Forsvarsdepartementet ikkje har vist vilje til å gjere noka innrøming overfor klienten hans, medan statsråden har gjort innrømmingar overfor Stortinget.

Ny omgang for Devold

— Eg vonar at Kontrollkomiteen på Stortinget og Stortinget kan sjå nøyare på denne saka, seier Fredum.

Det blir også resultatet etter dei opplysningane representantar for komitefleirtalet, SV, Frp og Ap, kom med overfor Bergens Tidende torsdag.

Fredum meiner klienten hans har krav på å få jobb som avdelingsdirektør tilbake på dei same lønsvilkåra. Det gjeld sjølv om Forsvaret i mellomtida har omgjort den konkrete jobben frå ei sivil til ei militær stilling.