OLAV KOBBELTVEIT

Det finst det ein del døme på. Men Tor Kristiansen har eit vidare siktemål med boka si. Ein ting er konfliktar rundt nedlegging av skular, der foreldra går inn og tek over drifta. Det har dei gjort med ein viss suksess, og ny forsking viser at dei til dels kan driva skulen billegare enn kommunen kan.

Men Tor Kristiansens hovudpoeng er likevel eit tyngre foreldreengasjement i den ordinære skulen, som i all hovudsak er ein offentleg skule. Han snakkar om foreldrekrafta som ein positiv ressurs, som Kristiansen trur skulen kan veksa på. Men då må det til eit langt sterkare samarbeid mellom foreldre og lærarar enn det vi, eller Tor Kristiansen, hittil har sett. Og han har sett mykje, etter å ha skrive skulestoff i ei årrekkje.

— Mitt ønskje er at boka skal bli ein døropnar for eit betre samarbeid mellom heim og skule, seier Tor Kristiansen. Og det kan godt henda. Boka set søkelyset på dei positive sidene ved slikt samarbeid, og Kristiansen skriv i føreordet at han trur dei skulane vinn som evnar å få til eit fruktbart hopehav mellom heim og skule.

Så til skular og foreldre som slit litt, og som treng hjelp til å få i gang ein betre dialog: No finst inspirasjonen i bokform.