Det uttalar Amnesty International Noreg i eit brev som nå er sendt til alle stortingsrepresentantane.

Før helga vart det kjend at Kjell Inge Røkke var blitt kåra til «årets Peer Gynt».

Valet

Valet skjer gjennom skriftlege røystesetlar frå representantar på Stortinget.

Alle dei 169 representantane på Stortinget hadde fått tilsendt ei liste med fem kandidatar nominert av arrangementskomiteen for Peer Gynt-arrangementet på Vinstra.

Dei fem nominerte var Kjell Inge Røkke, Ole Einar Bjørndalen, Mari Boine, Jon Fosse og Den norske nobelkomiteen.

Ifølgje Peer Gynt-komiteen kom det etter to purringar inn svar frå om lag 40 prosent av stortingsrepresentantane, det vil seie drygt 60 representantar. Røkke fekk flest røyster.

Kvass kritikk

Amnesty rettar krass kritikk mot pristildelinga av di Aker Kværner i fleire år har hatt store oppdrag på den amerikanske Guantanamo-basen på Cuba og omfattande forretningssamarbeid med revolusjonsgarden i Iran.

Det er avdekt omfattande brot på menneskerettane begge stader.

Amnesty seier nå at Aker Kværner har avvist all kritikk og ikkje vist nokon vilje til å innsjå at engasjementa på Guantanamo og i Iran er problematisk.

«På bakgrunn av disse erfaringene med Aker Kværner ASA, mener vi at selskapet, og dets eier Kjell Inge Røkke, ikke har utvist nødvendig samfunnsansvar» skriv Amnesty i brevet til stortingsrepresentantane.

Amnesty meiner det gjev eit svært uheldig signal at stortingsrepresentantar ærar Aker Kværner og Kjell Inge Røkke gjennom denne pristildeling.

Amnesty meiner denne saka aktualiserer behovet for å få laga nasjonale reglar for bedriftene sitt samfunnsansvar. Det bør der klart gå fram kvar grensene går for kva som er akseptabel framferd for bedriftene. Amnesty varslar at organisasjonen vil kome tilbake til Stortinget i denne saka.

— Pinleg

Fleire stortingsrepresentantar som Bergens Tidende har vore i kontakt med, meiner saka er pinleg for Stortinget på grunn av valet av Røkke.

Det blir då vist til at han ikkje berre er strekt omstridd på grunn av Aker Kværner sine engasjement På Guantanamo og i Iran. Det blir også påpeika at han så seint som i fjor vart dømd for korrupsjon.

— Ja dette er pinleg. Eg har også vanskeleg for å forstå korleis arrangementskomiteen i det heile kunne nominere Røkke. Sjølv røysta eg på Jon Fosse. Han har profilert Noreg på ein framifrå måte, seier Hallgeir Langeland frå SV.

Stortingsrepresentant Torstein Rudihagen (Ap) frå Oppland røysta på Røkke.

— Men etter det som nå har kome fram, hadde eg ikkje røysta på Røkke, seier Rudihagen.

Han legg til at saka har synleggjort at ein bør legge meir arbeid i å vurdere kandidatane om ordninga skal halde fram.