KJERSTI MJØR

Aldri før har så mange klaga på sjukehusbehandling som i fjor, og aldri før har så mykje blitt utbetalt i erstatningar:

Talet på mottekne saker hos Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) steig med 35 prosent samanlikna med 2003. Alt i alt vart det utbetalt 398 millionar kroner — nær dobbelt så mykje som i 2001.

— I fjor prioriterte vi å avvikle dei eldste og tyngste sakene, seier informasjonssjef Torill Stæhr i Norsk Pasientskadeerstatning til BT

Rekord i Sogn og Fjordane

Rekordutbetalingar vart det ikkje minst i Sogn og Fjordane. Feilbehandla pasientar fekk utbetalt nær nitten millionar kroner frå NPE i 2004, som er over dobbelt så mykje som året før.

Forklaringa er ikkje berre at talet på utbetalingar steig frå 17 til 32 i Sogn og Fjordane. I tillegg gjekk talet på store utbetalingar på over ein million kroner opp frå ein til fem.

— Talet på utbetalingar og storleiken på beløpet kan variere mykje frå år til år, og er i hovudsak tilfeldig, seier Stæhr.

— Typiske storutbetalingar kan vere ménerstatning til unge arbeidstakarar og fødselsskader. I fjor prioriterte vi å avvikle dei eldste og tyngste sakene.

23 pasientar i Sogn og Fjordane fekk medhald og 39 avslag i fjor.

38 millionar til Hordaland

Saksmengda auka i nesten alle fylke i 2004. Frå Hordaland mottok NPE 276 søknader, som er 38 prosent fleire enn året før.

— Årsaka til auken er truleg informasjonskampanjane vår i fjor. I tillegg er folk generelt blitt meir medvitne om eigne rettar, seier Stæhr til BT.

I motsetnad til i nordfylket gjekk utbetalingane i Hordaland ned med seks prosent i fjor. Totalt vart det utbetalt drygt 38 millionar kroner i erstatningar til feilbehandla pasientar i Hordaland. 71 søknader fekk medhald, 119 avslag.

På landsbasis varierte utbetalingane frå 5000 kroner til sju millionar kroner i fjor. I gjennomsnitt låg utbetalinga på 460.000 kroner.