Dette seier direktøren i Forbrukarrådet, Erik Lund-Isaksen, til Bergens Tidende.

Bakgrunnen er at Forbrukarrådet meiner Fornyings— og administrasjonsdepartementet gjer «kreative forsøk på innskrenkende lovfortolking» av lovteksten som Stortinget vedtok i februar/mars 2004.

Prior Nordgården

Det er innhaldet i vedtaket om å la fjørfeprodusenten Prior få overta Nordgården, som har fått Forbrukarrådet til å reagere.

Dette vedtaket vart gjort i februar i år og skapte sjokkbølgjer i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har nyleg teke forholdet opp i brev til Fornyingsdepartementet og omtalar situasjonen etter vedtaket, som «omkamp i forhold til daværende regjerings konkurransepolitiske standpunkt».

Lund-Isaksen vedgår overfor Bergens Tidende at dette er sjeldant kraftig kost frå Forbrukarrådet.

– Respektlaust

– Vi kjempa ein durabeleg kamp for å få forbrukarpolitiske mål inn i føremålsparagrafen i konkurranselova. Det var ikkje med i framlegget frå regjeringa. Vi hadde eit stort engasjement medan saka var til behandling i Stortinget, og vi vann fram. Fleirtalet i komiteen og i Stortinget, fylgde oss. Då er det respektlaust både overfor oss og overfor Stortinget å prøve å fortolke seg vekk frå innhaldet slik vi opplever nå. Er ein usamd i innhaldet i lova får ein heller ta den politiske kostnaden ved å fremje eit framlegg til lovendring, seier Lund-Isaksen.

Dei tre partia som sit i dagens fleirtalsregjering, tilhøyrde mindretalet i stortingskomiteen og Stortinget då lova vart vedteken. Og dei argumenterte då imot framlegget som Bondevik-regjeringa og Frp stod bak.

– Unntak blir regelen

– Det er Konkurransetilsynet som handhevar konkurranselova med rett til inngrep mot fusjonar. Regjeringa har høve til å overprøve avgjerder frå Konkurransetilsynet, men det har vore ein føresetnad at det berre skal skje unntaksvis. Etter at regjeringa fleire gongar har overprøvd Konkurransetilsynet, framstår det som om overprøving er blitt hovudregelen. Det er urovekkjande sidan vi kan vente fleire fusjonar framover, seier Lund-Isaksen.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ikkje kommentere innhaldet i kritikken og bakgrunnen for eigne vurderingar.

– Eg er ikkje heilt einig i lovtolkinga til Forbrukarrådet. Vi vil sende et svar i løpet av dei næraste dagane. Eg vil ikkje kommentere dette nærare no, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

FÅR REFS: Fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) får knallhard kritikk frå Forbrukarrådet for å oversjåforbrukarinteressene etter å ha godkjend Prior sitt oppkjøp av Nordgården. Røys presederte sjølv somsettepresident då den nye konkurranselova vart behandla av Odelstinget 26. februar 2004.ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND