EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Både danskebåten "Queen of Scandinavia", som går mellom Oslo og København, og "Princess of Scandinavia", som går i rute Kristiansand — Göteborg og Kristiansand - Newcastle, er utstyrt med Norsafe Selantics evakueringssystem MES (marine evacuation system).

I november i fjor la det norske Sjøfartsdirektoratet ned totalforbod mot denne flåteløysinga på alle båtar med norsk flagg. Ei rekkje rapportar dokumenterte at systemet ikkje fungerte som det skulle. Snøggbåtane "Nordic Jet" og "Baltic Jet", eigd av Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap, vart stoppa på dagen etter at tre testar på rad var mislykka.

Mista typegodkjenninga "Gårsdagens og dagens testar viser at dersom dette hadde vore ein ordinær krisesituasjon, ville katastrofen vore eit faktum", skreiv kaptein Thore Kibsgaard på "Baltic Jet" i sin rapport til Sjøfartsdirektoratet (red. omsetjing) 31. oktober i fjor.

Flåtesystemet måtte byttast ut på begge båtane før dei fekk segle vidare.

— Det var feil ved pakkemetoden som gjorde at det ikkje fungerte, seier avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig i Sjøfartsdirektoratet.

I ettertid har Det Norske Veritas trekt attende typegodkjenninga for systemet. Dermed er det ikkje lov å montere nye flåteløysingar av denne typen på nokon båt.

Flagget avgjer For flåtar som allereie er montert er det derimot kvart enkelt lands styresmakter som avgjer kva som skal skje. Englands- og danskebåtane "Princess of Scandinavia" og "Queen of Scandinavia" er eigd av det danske reiarlaget DFDS, og seglar med dansk flagg. Det danske sjøfartsdirektoratet, Søfartsstyrelsen, har bestemt seg for at systemet fortsatt kan brukast - trass i at dei har avdekt omfattande problem.

— Det vart i fjor gjennomført 10-20 testar. Ingen var 100 prosent vellykka, seier skipsinspektør Jens Østerballe hos Søfartsstyrelsen i København.

Han forklarer den danske praksisen slik:

— Vi har følgd opp saka veldig nøye, og ein kontrollør frå Søfartsstyrelsen har vore inne og kontrollert monteringa av systemet på samtlege båtar. Vi meiner difor det er forsvarleg å la dei gå i dag, seier skipsinspektør Østerballe.

- Eit dansk ansvar Trass i dette avdekte ein test på englandsbåten "Dana Anglia" nye problem så seint som for eit par veker sidan. Båten måtte gå med redusert passasjertal inntil flåtane igjen var pakka om.

Avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig i Sjøfartsdirektoratet vil nødig uttale seg om den danske praksisen.

— Dei har kanskje funne feilen som har skapt problema og endra pakkemetoden, seier Havig.

— Men kva tykkjer du om at store passasjerferjer som trafikkerer norske hamner går med utstyr som de sjølve har innført totalforbud mot?

— Eg vil ikkje kommentere akkurat det. Danske skip er ansvaret til danske styresmakter, seier Havig.

Les også: Vedgår manglar

FUNGERER IKKJE: Det er ein flåteløysing av denne typen som norske styresmakter nektar å akseptere. På danske båtar kan dei derimot framleis brukast. (FOTO: NORSAFE SELANTIC AS)