Kommisjon som får halvanna år på seg til å kome med ein rapport med konkrete forslag til eit betre personvern her i landet.

Personvernkommisjonen skal særleg sjå på fire område der regjeringa meiner det er viktig å ta grep. Det gjeld helsesektoren, samferdsle (i vid forstand), media, og barn og unge sin bruk av elektronisk kommunikasjon.

Men, som det heiter i mandatet frå Fornyings og Administrasjonsdepartementet: Løysingane må og balanserast mot andre omsyn, som omsynet til innovasjon og utvikling i næringslivet.

— For vi må ikkje bli teknologipessimistar, sa statsråd Grande Røys.

Bergens Tidende og Venstre har sin del av æra for at personvernkommisjonen no er på plass. Etter ei rad artiklar i BT dei seinare åra, har Venstre på Stortinget jobba for å få dei andre partia med på kravet om ein egen personvernkommisjon.

Eit samla Storting støtta kravet, og i fjor haust varsla regjeringa at den ville nedsette ein kommisjon.

Med i kommisjonen er mellom anna tidlegare generalsekretær i venstre Hans Antonsen, professor Henriette Sinding Aasen ved Universitetet i Bergen, tidlegare sjefredaktør i Adresseavisen Gunnar Flikke, og Høgrepolitikar i Oslo, Michael Tetzschner.