Både Pan Fish, Fjord Seafood og Cermaq steig i verdi på Oslo Børs i går. Unntaket var Lerøy Seafood Group, men også der flata kursfallet ut. Lerøy Seafood Group fall ei krone, til 65 kroner per aksje. Dei tre første børsdagane i år fall kursen i Lerøy Seafood Group frå 73 til 66 kroner per aksje.

Det er tre årsaker til børsfallet for lakseaksjane i år: Prisfall på laks, det russiske importforbodet for fersk norsk fisk og artiklar i Dagsavisen om amerikanske åtvaringar om helserisiko ved oppdrettslaks.

Men i går såg det ut som om lista med dårleg nytt ikkje lenger skremde aksjespekulantane bort frå oppdrettsnæringa.

Går god for laksen

Dagsavisen har referert amerikanske forskarar som åtvarar mot dioksin— og PCB-innhaldet i oppdrettslaks og rår til maksimum tre laksemåltid i året. Forskinga byggjer på det same arbeidet som vart publisert i vitskapstidsskriftet «Sciense» i 2004.

I går skreiv avisa at Nasjonalt folkehelseinstitutt meiner at den som et meir enn to laksemåltid i veka kan få i seg meir PCB og dioksin enn tilrådd.

Nasjonalt folkehelseinstitutt sende i går ut ei pressemelding der instituttet presisere sitt syn på oppdrettslaksen. I meldinga går instituttet god for den norsk oppdrettslaksen.

Trygg laks

Folkehelsetilsynet viser til kva den meinte om det amerikanske forskingsarbeidet i 2004, og presiserer at det meiner det same i dag. I 2004 skreiv instituttet at:

«Nasjonalt folkehelseinstitutt mener at det fortsatt er trygt å spise oppdrettslaks. Folkehelseinstituttet imøtegår påstander fremsatt av amerikanske forskere i magasinet Science. Folkehelseinstituttet bygger på norske undersøkelser av dioksiner og miljøgifter i oppdrettslaks og ekspertvurderinger som er i overensstemmelse med vurderinger i EU og i Verdens helseorganisasjon.».

Folk bør ete meir fisk, meiner Folkehelsinstituttet. For mykje dioksin og PCB får folk først i seg dersom dei, i følge instituttet, «velger et ekstremt ensidig kosthold bare basert på fet fisk».