Det er klart etter at det planlagte Folgefonnsentereti Rosendal har inngått ein samarbeidsavtale med Bjerknessenteret i Bergen. Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er Nordens største naturvitskaplege klimasenter.

– Folgefonna er ein svært viktig isbre i klimasamanheng. Å få etablert eit senter for klima— og breforskning i Rosendal er særs interessant for oss, både som forskningsobjekt og som stad for formidling av klimakunnskap, seier professor Eystein Jansen, direktør for BCCR.

Dronning Sonja

Det har gått snart 20 år utan at dei første planane om eit Folgefonna nasjonalpark- og informasjonssenter er realiserte. Heller ikkje dronning Sonja si offisielle opning av Folgefonna nasjonalpark i 2005 utløyste nødvendige midlar.

– Samarbeidet som no er innleia med Bjerknessenteret er ein svært viktig milepæl for prosjektet, seier Knut Førland, prosjektleiar for Folgefonnsenteret.

Målet for samarbeidet er å etablera eit frittståande senter for forskning, formidling og verdiskaping i Rosendal, med hovudvekt på klimaforskning kntt til glasiologi og bruk av isbrear som klimaindikatorar.

Lang tid

– Ting har teke lang tid. Utan det sterke engasjementet frå private samarbeidspartnarar med Sunnhordland Kraftlag i spissen hadde prosjektet temmeleg sikkert vore lagt ned, uttalar Knut Førland i ei pressemelding.

Førland har no < > på at Folgefonnsenteret blir noko av.

– Vi vil bidra aktivt for å få Folgefonnsenteret realisert så raskt som mogeleg, seier professor Eystein Jansen.

Har 17 mill. kroner

Folgefonnsenteret har så langt på plass 6,5 millionar kroner i private midlar. Kvinnherad kommune har sett av 8 millionar kroner, og Hordaland fylkeskommune 2,5 millionar kroner.

– Til no har vi prioritert å få eit innhald i senteret. Når det er på plass, er det naturleg å ta kontakt med staten for å få ytterlegare midlar, seier Knut Førland.

Det er uvisst kvar i Rosendal Folgefonnsenteret blir lokalisert. Ein tidlegare arkitektkonkurranse tilsa ein bygning ved skipsbyggeriet ved Skålakaien.