• Eg tvilar på at det ville blitt regjeringskrise våren 2000 om vi hadde visst at Naturkraft ikkje kom til å byggja gasskraftverk. Det seier tidlegare olje- og energiminister Olav Akselsen (Ap).

OLAV GARVIK

— Eigarane av Naturkraft har halde oss politikarar for narr, meiner Akselsen.

Selskapet Naturkraft fekk etter mykje politisk dramatikk konsesjon for å byggja gasskraftverk på Kollsnes og Kårstø.

Det var Akselsen sjølv som sette fram forslaget i Stortinget som i mars 2000 enda med regjeringskrise. Han var då leiar i energi- og miljøkomiteen.

Akselsen, som no leiar næringskomiteen i Stortinget, er særleg djupt vonbroten over Statoil og Norsk Hydro som «ber på så mange hattar», som han seier. Den tredje eigaren av Naturkraft, Statkraft, meiner han har vore meir ekte interessert i å byggja kraftverka.

Selskap utan framdrift

Han utdjupar kritikken mot Naturkraft slik:

— Det tykkjest for meg som at Naturkraft lenge har vore eit selskap med svært liten framdrift. Sjølve organiseringa har vore langt frå ideell, men det har vi sett altfor seint. Striden i Stortinget, som enda med at den første Bondevik-regjeringa valde å gå av, kosta alle aktørane mykje - både oss som var for og dei som var imot å byggja gasskraftverk.

Men då Arbeidarpartiet overtok ansvaret, var vi sikre på at gasskraftverka ville koma. Eigarane av Naturkraft knegjekk oss for å få gode rammevilkår, og så bakka dei ut etterpå. Det er grunnen til at eg vil påstå at vi som politikarar er haldne grundig for narr. Hadde vi den gongen visst at dei ikkje ville satsa meir på gasskraftverk, tvilar eg sterkt på om det hadde blitt noko regjeringskrise.

Ville ha lønt seg

— Men dei hadde gode kort på handa, ikkje minst manglande lønsemd? Prisen på elektrisitet har jo vore gjennomgåande for låg til at det ville ha lønt seg?

— Det kan nok henda at lønsemda hadde vore marginal. Men hadde kraftverka blitt bygde for to år sidan, ville dei ha lønt seg. Det er som kjent dei variable nedbørsmengdene som avgjer prisen på elektrisitet. I periodar med svært våte år kunne ein motverka prisproblemet ved at NVE til dømes kjøpte ein tredjedel av energien, seier Olav Akselsen.

— Kva meiner du med at to av eigarane «ber på så mange hattar»?

— Som reine oljeselskap må sjølvsagt Statoil og Norsk Hydro ta omsyn til fleire marknader. For Statkraft er det derimot lettare. Eg er overtydd om at psykologien har hatt ein negativ verknad på dei to oljeselskapa.

Psykologi og liten iver

— Korleis då?

— Det er jo lett å konstatera at den uviljen som statsministeren og den tidlegare olje- og energiministeren legg for dagen mot gasskraftverk har dempa iveren hos selskapa etter å satsa på slike kraftverk. Så lenge det gjeld marginale prosjekt er eg ikkje i tvil om at slike psykologiske forhold har spela avgjerande inn.

— Det vert ikkje lettare for Arbeidarpartiet å påskunda gasskraftprosjekta når de eventuelt skal regjera saman med SV og Senterpartiet?

— Vi får sjå. Det tragiske er at Kjell Magne Bondevik i si tid valde å gå av på denne saka. Derfor var det knytt så mange sterke kjensler og symbol til gasskraftspørsmålet. Då er det like fullt absurd at så mange lukkar augo for at vi handlar kjernekraft frå Russland og kolkraft frå Polen som forureinar fire gonger så mykje som gasskrafta. Det er dessverre «møkkakraft» vi har gjort oss avhengig av, seier Olav Akselsen.

Fakta gasskraftverk

  • Naturkraft har konsesjon til å byggja ut gasskraftverk både på Kollsnes i Øygarden og på Kårstø i Rogaland. Dessutan er det planlagt gasskraftverk på Mongstad, på Tjeldbergodden i Møre og Romsdal og i Skogn i Nord-Trøndelag
    1. mars 2000 valde sentrumsregjeringa Bondevik å gå av etter at Høgre og Arbeidarpartiet slo lag i ei avrøysting i Stortinget som opna for å byggja tradisjonelle gasskraftverk.
    • Ved regjeringsskiftet hausten 2001 valde Høgre å ikkje setja gasskraftsaka på spissen. I Sem-erklæringa heiter det mellom anna at regjeringa har som mål «å etablere rammevilkår som gjør det mulig å realisere CO2-frie gasskraftverk.»
    KJENNER SEG LURT: Olav Akselsen meiner at eigarane av Naturkraft i røynda ikkje har ønskt å utfordra statsministeren og den tidlegare olje- og energiministeren. Her er han fotografert etter ein gasskraftkonferanse i Grieghallen i 2001.<p/> ARKIVFOTO: HELGE SUNDE