Endå fleire dårlege nyheiter til røykarane: Faren for tilbakefall etter behandling for høgt stoffskifte er langt høgare for pasientar som røyker.

For ei stor, identifiserbar gruppe av røykarane var tilbakefallsprosenten etter tablettbehandling heile åtti prosent, konkluderer eit vestnorsk forskingsprosjekt. Blant ikkje-røykarane var tilbakefallsfrekvensen berre 39 prosent.

218 pasientar ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Stord, samt Haukeland universitetssykehus, har delteke i prosjektet under leiing av overlege og spesialist i hormonsjukdomar, Bjørn Gunnar Nedrebø. Resultatet er publisert i det internasjonale tidsskriftet European Journal of Endocrinology.

— Det er oppsiktsvekkjande at ingen har undersøkt samanhengen mellom røyking og tilbakefall etter behandling tidlegare, seier professor og avdelingsoverlege ved Hormonlaboratoriet i Bergen, Ernst Lien.

— Heretter må vi fortelje pasientane at faren for tilbakefall er stor, dersom dei røyker.

Høgt stoffskifte er ingen sjeldan sjukdom, og førekjem fire gonger hyppigare blant kvinner enn menn. Forskarane kjenner ikkje årsakene til sjukdomen, men vanlege symptom er vekttap, rastløyse, hjartebank og sveitting.

Den vanlegaste behandlingsforma i Norge er tablettar, som reduserer hormonproduksjonen i skjoldbrukskjertelen. Men det finst alternativ behandling for røykarane.

— Ja, og dette forskingsprosjektet viser tydeleg at røykarane har minst gevinst av tablettbehandling, seier Lien til BT.

— Både operasjon av skjoldbrukskjertelen og radioaktiv jod er alternativ, men operasjon er operasjon. Folk føler forståeleg nok ofte frykt for å leggje seg under kniven. På den andre sida kan også dei andre behandlingsformene gje biverknadar.