Bergens Tidende kunne i går fortelje at politikarane på Vestlandet seier ja til all vasskraftutbygging. Fylkesutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane har siste åra hatt 122 søknader om konsesjon for nye kraftverk til behandling. Ikkje ein einaste gong har politikarane sagt nei.

Berre rundt kvar tredje utbyggingssøknad som har vore framme for fylkesutvala dei siste fem åra, er avgjort hos Norges Vassdrags— og Energidirektorat (NVE) eller i Olje- og energidepartementet. Her er alt fleire prosjekt anten heilt stoppa eller planane er reduserte.

Verdsarvområde

Ein av dei mest omtalte er Sylvarnesfossen på sørsida av Sognefjorden. Eit samrøystes fylkesutvalet i Sogn og Fjordane hadde ingen motførestellingar til utbygginga. Til slutt sette dåverande olje- og energiminister Odd Roger Enoksen foten ned. Tunga på vektskåla var at Sylvarneselvi ligg i inngangsporten til verdsarvområdet i Indre Sogn.

Tidlegare leiar i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim, meiner Sylvarnes var ei opplagt sak.

— Det er eit paradoks at det til slutt blir ein utbyggingsvennleg statsråd som seier nei, seier han.

Solheim, som no er knytt til naturvernforbundet på konsulentbasis, meiner at konsesjonssøknaden for elva Tvinna i Stryn, som Bergens Tidende omtalte i går, ikkje skal kunne gå gjennom med dei nasjonale retningsliner som er lagt. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har sagt ja også til utbygging av Tvinna. Fylkesmannen og verneorganisasjonar har frårådd utbygging.

— Eg respekterer at andre interesser kan ha andre oppfatningar enn oss i slike saker, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Ikkje ein foss

— Finst det fossar i Sogn og Fjordane du meiner ikkje bør byggjast ut?

— Det vil eg tru, utan at eg kan nemne nokon.

Heller ikkje hans kollega i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, vil namngje elvar og fossefall i Hordaland.

— Men det skal vi finne ut av no. Vi arbeider med ein fylkesplan for småkraftutbygging, seier ho.

Eit tilsvarande arbeid er også på gang i Sogn og Fjordane.

Erik Solheim meiner fylkespolitikarane er uforsvarlege.

— Dei slår seg på brystet når fjordlandskapet på Vestlandet blir kåra til verdas beste reisemål og får store medieoppslag verda over. Men sjølve gjer dei ingenting for at det skal vere noko att å sjå og reise til om 15 år.

Reiselivsnæringa har engasjert seg i fleire kraftsaker i Sogn og Fjordane, men fylkesordføraren vil ikkje vere med på at politikarane øydelegg for fjordlandskapet og turismen med si ja-haldning.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har sagt nei til småkraftverk i Granvin, Lærdal og Bremanger. Dei meiner utbyggingsplanane kjem i for stor konflikt med naturverdiar og anna bruk av området. I fleire konsesjonssaker er det stilt strengare krav til auka minstevassføring og andre tiltak som skal redusere skadeverknadene med utbygginga.

Tillet politikarane for mykje kraftutbygging? Diskuter her!

Øystein Torheim