I eit halvt år har sju ungdommar frå Laksevåg og Åsane bydel deltatt i prøveprosjektet «Der Ungdommen Er» (DUE). Her har dei unge fått tilbod om bustad og skreddarsydde tiltak i nærmiljøet, istadenfor opphald på barnevernsinstitusjon.

— Dette har heilt klart vore ein suksess! Vi har fått svært gode tilbakemeldingar både frå ungdommane og pårørande, seier leiar for Seksjon for sosial og barnevern i Bergen kommune, Magne Ervik.

Tidlegare var dei sju ungdommane, som er mellom 16 og 19 år, plasserte i fosterheim, ungdomsfamilie eller institusjon. Men gjennom DUE er dei blitt etablerte på eigne hyblar, med individuelt tilpassa støttetiltak, og stor fleksibilitet rundt kvar enkelt.

Samarbeidet med ungdommane er basert på respekt og tillit. Dei vaksne kontaktpersonane er få, men svært tilgjengelege. Prosjektet har vist seg å vere langt rimelegare enn institusjonsplassar.

— Totalt har vi spart 1,7 millionar kroner for perioden september 2003-april 2004, opplyser Ervik til BT.

Erfaringane er så gode at DUE no blir utvida til alle barnevernstenester i Bergen dei neste tre åra. Truleg kjem kring førti unge til å få hjelp på denne måten framover.

DUE er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Statens Barnevern og Familievern. Det er Utekontakten og Barnevernvakten i Bergen som har leia prøveprosjektet.