Djønne søkte også jobben då Apenes vart tilsett i 1989.

Han er ein av fire nye søkarar som har meld seg etter at søknadsfristen vart forlenga med 14 dagar.

To av dei andre nye søkarane er førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim, og redaktør An-Magrit Austenå.

Austenå er tidlegare leiar i Norsk Journalistlag og assisterande generalsekretær i Røde Kors.

Frå før står forbrukarombod Bjørn Erik Thon og direktøren i Det kriminalitetsforebyggande rådet, Erik Nadheim, på søkarlista. Begge har bakgrunn som politiske rådgjevarar i Justisdepartementet.