Natt til i går vart KS og Utdanningsforbundet samde om ein ny arbeidstidsavtale, som skal gjelde fram til 1. mai 2006.

Avtalen inneber at arbeidsåret til lærarane blir uendra. Lærarorganisasjonen vann òg fram med det viktige kravet om at den såkalla leseplikta ikkje skal endrast dei neste to åra.

Det betyr at talet på undervisningstimar forblir uendra, og at dei framleis blir dei same over heile landet. KS ønskjer å fjerne taket på antal undervisningstimar, og la styrarane på dei einskilde skulane avgjere.

Avtalen inneber at partane skal drøfte dette vidare og kome fram til eit nytt system i 2006.

300 ekstra timar på skulen

KS har likevel fått gjennomslag for å auke den tida lærarane må vere på skulen.

— I høve til dagens avtale vil dei fleste lærarar få 200-300 timar meir bunden skuletid enn dagens avtale krev, seier rådgjevar Per Remme i KS.

Det er lærarane i den vidaregåande skulen, spesielt i allmennfag, som vil få den største veksten i bunden skuletid.

Av desse igjen er det lærarar i fag som krev mykje for- og etterarbeid, og dermed få undervisningstimar, som vil merke den største endringa. Her ragar norsklærarane på toppen.

I følgje nestleiar Per Aahlin i Utdanningsforbundet blir bunden skuletid per år 1300 timar i barneskulen, 1215 i ungdomsskulen og 1150 i den vidaregåande skulen.

Må lage plan

— For dei fleste trur eg ikkje dette betyr at dei får meir tid på skulen, men at dei får meir regulert tid. Dei må setje opp ein arbeidsplan som til dømes dekkjer 1300 timar for ein lærar i barneskulen, seier Aahlin.

— Kva er skilnaden på denne avtalen og den det vart brot på for ei veke sidan?

— Sist var det ein del element som ikkje var på plass. KS kravde i utgangspunktet større tilstadesplikt, seier Ahlin, som ikkje ønskjer å gå meir i detalj om spørsmålet.

Avtalen skal no ut på høyring til medlemmen i Utdanningsforbundet.

- Lovar godt

KS-leiar Halvdan Skard er godt nøgd med at dei vart samde.

— Eg tykkjer det er svært tilfredsstillande at vi kom fram til ei løysing. Det lovar godt for det vidare arbeidet, seier Skard.

Avtalen gjer at det vanskelege arbeidstidsspørsmålet er løfta ut av tarifforhandlingane til våren, som truleg blir vrange nok. Det der første gong lærarane skal forhandle med KS. Tidlegare har staten vore motpart.