Dører kan bli låste allereie neste år.

I kommunen er det åtte kyrkjer og tre kapell. Alle, med unntak av Ostereidet kyrkje, er rundt 125 år eller eldre. Og tida har gjort sitt med den felles kulturarven.

— Dårleg takstein er dødsstøyt nummer ein for kyrkjebygg. Og slike tak har vi ein god del av. Det har ført til lekkasjar, som i neste omgang har resultert i fuktskadar, fortel Clausen,

Har bedt om meir pengar

Dei store drifts- og vedlikehaldskostnadene innan kyrkjefeltet i Lindås er blant årsakene til at det kyrkjelege fellesrådet har begynt å førebu stenging av kyrkjer og kapell.

Det er ulike modellar for korleis dette kan skje. Den eine er vinterstenging av alle bygg, med unntak av tre kyrkjer. Den andre er avhending av alle kapella, og nedlegging av éi kyrkje i kvart av dei tre prestegjelda i kommunen. Det er ikkje tatt stilling til kva for kyrkjer som er aktuelle.

— Uansett er det ein omfattande prosess som må finna stad før kyrkjedører blir stengde. Det er fleire som skal seia sitt, og siste ordet er det Kultur- og kyrkjedepartementet som har, opplyser Åge Clausen. Han legg til at fellesrådet har søkt kommunen om nesten 11 millionar kroner som rammeoverføring neste år, og at dette vil bli avgjerande for kor raskt ein vil prøva å få redusert talet på kyrkjer.

— Med negativt svar, kan prosessen i verste fall bli kort og brutal. Får vi pengane, kan vi halda dørene opne noko lenger.

Stor reform

Kyrkjeverja er krystallklar på at det må gjerast store investeringar i bygningsmassen om ein skal unngå stenging.

— Eit anna viktig aspekt i dette er at trusopplæringa for born skal flyttast frå skulen til Kyrkja. Kvart born skal ha 315 timar opplæring utanom skuletid, frå det vert fødd til det fyller 18 år. Dette er ei reform som vil krevja store ressursar, og langt meir enn det som vil bli overført frå staten. Resten må kommunane sørgja for, understrekar Clausen.

Midt oppe i alt dette planlegg kyrkjeleg fellesråd å få reist ei ny kyrkje i nær framtid i Alversund sokn, som inkluderer Knarvik.

BER OM HJELP: Kyrkjeverje Åge Clausen i Lindås har søkt Riksantikvaren om å få skifta vindauga i Alversund kyrkje. - Vi er redde glasa skal falla ut, eller rettare sagt; inn, ved sterk vind, seier han. Kyrkja vart måla utvendig for nokre år sidan, men allereie no flassar det på veggene.

TIDAS TANN: Myking kyrkje ber tydeleg preg av manglande vedlikehald. Rotne vindaugskarmar, sprekker, måling og puss som fell av er nokre av dei synlege skadane.

Høvik, Tor