Data-skandalen, som gjeld gjennomgang av privat e-post i Redningsselskapet, veks stadig i omfang. Opplysningar frå Redningsselskapet i går, tyder på at den suspenderte generalsekretæren, Monica Kristensen Solås, aktivt har hindra Datatilsynet sitt arbeid.

Nå er det inntil 43 tilsette eller tidlegare tilsette som har fått posten sin gjennomgått. Postgjennomgangen går heilt tilbake til 2000.

Ukjend for Datatilsynet

— Vi har fått nye informasjonar etter at vi vurderte e-post-saka i Redningsselskapet og avgav rapporten vår. Dei nye opplysningane tyder på at omfanget av gjennomgang av privat e-post, har eit langt større omfang enn vi var klar over etter gjennomgangen vår, seier avdelingsdirektør Leif T. Aanensen, i Datatilsynet til Bergens Tidende.

Datatilsynet melde Redningsselskapet til politiet i oktober på grunnlag av den første gjennomgangen.

Aanensen vil ikkje opplyse om dei nye overlegningane betyr at Datatilsynet vurderer å melde fleire til politiet.

- Medverkaransvar

— Då vi først gjennomgjekk og vurderte reaksjonsformene, gjekk vi ikkje inn på eventuelt medverkaransvar. Det la vi til sides. Men etter det som nå har kome fram, vurderer vi IBAS og andre sine roller ut frå eit medverkaransvar, seier Aanensen.

  • Vi vil i dag ikkje utelukke at det kjem inn eit medverkaransvar, seier Aanensen. Det kan omfatte alle som har medverka til innhenting og gjennomlesing av privat e-post.

Også advokatfirmaet Steenstrup Stordrange kan etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, på denne måten kome i søkelyset for si rolle i saka.

Ifylgje Redningsselskapet har 10-12 tilsette blitt «arbeidsrettsleg vurdert» av den tidlegare generalsekretæren, mellom anna med gjennomgang av privat e-post. I dette arbeidet har også ekstern advokat vore engasjert.

- Meir alvorleg

I går opplyste Redningsselskapet at den tidlegare generalsekretæren, Monica Kristensen Solås, hadde brukt to medarbeidarer i Redningsselskapet som hjelpesmenn under gjennomgangen av privat e-post. Selskapet opplyste også at Solås hadde bede dei to om ikkje å fortelje dette til Datatilsynet.

  • Dette er heilt nytt for oss. Og det er klart at vi ikkje ser med blide auge på noko slikt. Det gjer saka meir alvorleg, for etter personopplysningslova har dei som blir kontrollert, opplysningsplikt overfor Datatilsynet. Å halde tilbake slike opplysningar, er alvorleg, seier Aanensen.

- Uverkeleg og trist

I går kunne Dagbladet fortelje at Solås også har gjennomgått privat e-post som tilhøyrde den tidlegare generalsekretæren, Anne Enger Lahnstein.

Sjølv hevda Solås i går at det berre dreide seg om «julepost».

  • Eg opplever det som nå har kome fram som uverkeleg og forferdeleg trist, seier Lahnstein, som i dag er fylkesmann i Østfold, til Bergens Tidende.
  • At ein leiar går til eit slikt skritt som å lese dei tilsette sin private e-post, er opprørande. Det minner om ei fjern fortid der overvaking var «lovleg» eller akseptert. Dersom dette skulle vere lovleg i dag, må lovverket skjerpast, seier den tidlegare stortingsrepresentanten og statsråden.

Går på dagen

I går vart det klart at Monica Kristensen Solås sluttar på dagen i Redningsselskapet.

President og styreleiar Magnus Stangeland ville ikkje opplyse noko om innhaldet i sluttpakken som er inngått.

Gjetningar i miljøet går ut på at Solås maksimalt får utbetalt to års løn som var resten av åremålet på fire år. Det betyr i så fall om lag 850.000 kroner ganger to pluss ei årleg pensjonsinnbetaling på rundt 200.000 kroner.

SPARKET PÅDIREKTEN: Midtunder et intervjumed TV 2 på KarlJohans gate i Oslofikk den suspendertegeneralsekretæren iRedningsselskapet,Monica KristensenSolås, beskjed om atstyret hadde avsatthenne. FOTO: SCANPIX