Askøy, Os, Fjell, Stord og Sveio er no dei einaste kommunane i Hordaland utan eigedomsskatt. I Sogn og Fjordane er det framleis berre Hornindal, Eid, Selje, Vågsøy, Askvoll, Fjaler og Solund som ikkje har innført skatten.

— Pest og kolera

  • Eit val mellom pest og kolera, sa Høgres gruppeleiar Vidar Onarheim då Bømlo kommunestyre før jul vedtok den upopulære skatten. Han ville heller godta eigedomsskatt enn eit stort budsjettunderskot.
  • Ein tung skatt å svelgja, sa ordførar Inge Reidar Kallevåg (H).

Politikarane i Bømlo og stadig fleire andre kommunar ser seg nøydde for å ty til eigedomsskatt for å dekkja kommunale underskot og investeringar. Ved sida av Bømlo har også Tysnes til no greidd seg utan eigedomsskatt.

Fitjar, Meland, Radøy og Fusa skjerpar frå og med 2009 eigedomsskatten kraftig ved å la han også omfatta fast privateigedom i tillegg til næringseigedom (verk og bruk). Kvinnherad har vedteke ei tilsvarande utviding med verknad frå 2010.

20 kommunar

Dermed har over 20 vestlandskommunar innført eller utvida eigedomsskatten sidan 2006. Det året gav regjeringa kommunane høve til å skriva ut skatt for heile kommunen, ikkje berre byar og tettbygde strok.

Likevel er det framleis eit fleirtal av eigedomsskattekommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som har avgrensa skatten til å gjelda verk og bruk. I Bergen skal ytterområda Hjellestad, Hordvik, Hylkje, Haukås og Breistein framleis sleppa eigedomsskatt.

To promille

Medan det vanlege er å starta med ein eiegdomsskattesats på to promille av verditaksten - med høve til gradvis opptrapping over tre år til maksimalt sju promille - har Bømlo kommunestyre vedteke å setja eit tak på 2000 kroner for einebustad og 3000 kroner for fritidsbustad.

  • Det er meiningslaust å betala skatt for noko som eg sjølv har bygt opp. Kommunen får aldri nok, seier 79-årige Aaldert de Bruin som for 46 år sidan bygde hus i sjøkanten ved Mosterhamn i Bømlo.

Bømlo kalkulerer med kring 18 millionar kroner i ekstra inntekt i år på grunn av eigedomsskatten. Rådmann Sverre Olav Svarstad slepp elles fri denne skatten fordi han bur i Stord kommune, som ikkje har eigedomsskatt. Utan eigedomsskatten viste Svarstads budsjettframlegg for 2009 ei underdekning på 23 millionar kroner.

SKATTELEI: Urimeleg å betala ekstra skatt for noko ein har bygt opp sjølv, seier Aaldert de Bruin (79). Han har eigedom ved sjøen i Mosterhamn i den ferske eigedomsskattekommunen Bømlo. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR