— Heilt eksepsjonelt! Vi har aldri fått så mange søknadar før, seier seksjonsleiar Inger Johanne Moe i BUP Fonna.

Særleg køane til dei barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane på Stord, Husnes og i Haugesund vaks i juni, særleg i første halvdel av månaden.

— Då fekk vi femti nye pasientar kvar veke, som var overraskande mange. Men vi tek utfordringa på strak arm, og jobbar alt vi kan for å ta køane unna, seier Moe.

Blant dei nye pasientane er det flest barn og unge som blir henviste for ADHD-utgreiing, tilpassingsproblem, depresjonar eller ådferdsproblem. Gutar i 9-10-årsalderen og jenter i puberteten er i fleirtal, skriv Haugesunds Avis.

- Sommaren kan vere ei påkjenning

BUP Fonna har registrert ein jamn auke av unge pasientar både i 2004 og 2005. Kvifor pågangen var ekstra stor akkurat i juni, er vanskeleg å forklare, men Moe utelet ikkje at ferietida kan vere ei av årsakene.

— Sommaren kan vere ei utfordring både helsemessig og psykologisk. Å gå inn i ferietida er ikkje alltid så enkelt for familiar og barn som slit, seier ho til BT.

— Ferien er eit brot med rutinar som skule, jobb og barnehage. Mykje fritid gjer at familien kjem tettare på kvarandre. Ting blir meir synlege og blottstilte. For ein del kan dette vere angstfylt, og ei stor påkjenning.

Sommarope på BUPA

Også Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA) på Haukeland Universitetssjukehus har hatt ein auke i henvendelsar i juni på totalt 35 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Poliklinikkane hatt ein auke på vel 16 prosent. BUPA er ikkje vant med større pågang før sommarferien - snarare tvert imot.

— Vår erfaring dei siste åra er ein dramatisk nedgang i behovet for sjukehussenger i tida både før og under ferien seier assisterande avdelingssjef Bente Monstad til BT. - Men auken i år er ikkje dramatisk, og innanfor akseptable rammer. Vi har ingen problem med å ta imot dei som henvender seg til oss, og har ope i heile sommar, seier ho.

BUP Førde har ikkje registrert påfallande større pågang så langt i sommar.

— Vi har hatt ein jamn auke heile året, men ikkje merka noko spesielt i juni. Hos oss roar det seg vanlegvis litt fram mot sommaren, seier konstituert avdelingssjef i Førde BUP, Hilde Godvik.