• Fleire årsverk: I 2004 var årsverkinnsatsen i helseregion Vest på nivå med resten av landet. Årsaka er sterk vekst i åra 2001-2003, då talet på årsverk steig med 11 prosent per 1000 innbyggarar. Tilsvarande auke for landet totalt var 6 prosent.
  • Få til private: 95 prosent av alle pasientane frå Helseregion Vest har fått behandling innanfor eigne helseføretak. Vestlandet har lågast andel pasientar som er blitt behandla hos private, men talet har auka frå 0,3 til 1,3 prosent frå 2003 til 2004. * Kortare køar: Ventetidene i vest har gått ned på grunn av aktivitetsveksten, men ligg framleis svakt under landsgjennomsnittet.
  • Kostnadseffektivt: Helse Vest RHF har høgast kostnadseffektivitet av alle regionane, men har hatt ein reduksjon i teknisk effektivitet på 1,7 prosent frå 1999 til 2004. Samtidig har kostnadseffektivitet og teknisk effektivitet nasjonalt auka med om lag ti prosent.