Nå må Flatland levere innbuet tilbake og betale for bruk av hytta omgåande.

Det samla kravet mot Flatland går opp i over 700.000 kroner. Pengane må vera på kontoen til Christensen like over årsskiftet. Elles blir Flatland, utan nye varsel, stemna for retten på ny.

Dette er etter det Bergens Tidende kjenner til, innhaldet i «julehelsinga» frå eks-skipsreiar Thor Christensen til Flatland.

Dyrt for Flatland

Dette inneber at «hytteeventyret» til Flatland samla vil kunne koste han over 1,7 millionar kroner utan at han sit att med nokon verdiar. Sakskostnadane, hans eigne og motpartens, utgjer åleine rundt ein million kroner.

Kravet for bruken av hytta er på over 500.000 kroner. I tillegg kjem kostnader for å styrke taket etter at Flatland i fjor haust la torvtak. Dette utgjer ein kostnad på 20.000-50.000 kroner, avhengig av den løysinga som blir valt. Flatland er dessutan dømd til å betale Christensen 200.000 kroner i sjølve striden om eigedomsretten til hytta.

«Strippa» hytta

Alt inventar, til og med gardinene, var fjerna frå hytta før hytta vart levert tilbake. Det einaste som var att, var dei veggfaste panelomnane.

Flatland har nå fått krav om at hytta blir levert tilbake fullt møblert, slik ho var då han i si tid overtok hytta.

Hytta vart levert attende til tidlegare skipsreiar Thor Christensen i Sandefjord sist helg.

Men representanten til Christensen trudde knapt det han så, då han mottok nøklane til hytta.

I november vart Flatland dømd i Borgarting lagmannsrett til å levere hytta, som han har disponert i fleire år, tilbake til Christensen. I tillegg måtte han betale 200.000 kroner. På toppen kjem eigne og motparten sine sakskostnadar for to rettsinstansar, rundt ein million kroner. Lagmannsretten kom til same resultat som Kongsberg byrett gjorde for to år sidan.

Hamre-saka

I januar 2002 skulle ankesaka i straffesaka mot travtrenar Atle Hamre ha starta. Men saka er utsett på ubestemt tid på grunn av at forsvararen, Tor Erling Staff, er sjuk. Hamre vart for eit år sidan dømd til fem års fengsel i Sandefjord byrett for pengeutpressing overfor Thor Christensen.

Agder lagmannsrett prøver nå å få saka opp ein gong etter påske. Etter det Bergens Tidende forstår vurderer retten å oppnemne ein medforsvarar for Hamre slik at saka kan avviklast dersom Staff ikkje kan møte.