VIDAR YSTAD

Dette meiner Økokrim å kunne føre fellande prov for i retten. Difor er tv-kjendisen Flatland (45) nå tiltala for heleri og for falsk forklaring. Hovudposten har ei strafferamme på inntil seks års fengsel. Flatland er subsidiært tiltala for falsk vitneforklaring som har ei strafferamme på inntil to års fengsel.

Økokrim meiner å kunne føre prov for at Flatland skjønte eller burde ha skjønt at pengane, heilt eller delvis, var utbyte av straffbare handlingar utførd av Atle Hamre og/eller andre.

Økokrim siktar konkret til pengeutpressinga mot skipsreiar Thor Christensen i Sandefjord.

Fullt innsyn

Økokrim har fått fullt innsyn i bankar både i Sveits og Monaco sidan saka gjeld mistanke om kvitvasking av pengar frå straffbare handlingar.

Ifølgje tiltalen overtok Flatland hausten 1996 selskapet Benjamin Overseas Inc. som var registrert på British Vergin Islands (Jomfruøyane). Selskapet hadde konto i Banque du Gothard i Monaco. Kontoen vart opna 25. november 1996. Ifølgje tiltalen var Flatland den eigentlege eigaren av kontoen., men han skaut ikkje inn pengar på han sjølv.

Let Hamre nytte kontoen

Derimot let han Atle Hamre nytte og motta pengar på kontoen, og han skal ifølgje Økokrim ha gjeve Hamre opplysningar om namnet på banken og kontonummeret nokre få dagar etter at kontoen var oppretta.

10. desember, altså 14 dagar etter at kontoen var oppretta, vart det overførd 260.000 amerikanske dollar frå ein bankkonto i Sveits, Banque Scandinavie en Suisse. Pengane gjekk inn på Flatland-kontoen i Monaco.

Pengane kom frå ein konto som tilhøyrde Acacias Finance Corp. Dette var eit selskap som byggmeister Øyvin Nydal stod bak.

Trudde han betalte Hamre

Ifølgje Økokrim vart pengane overførd av Nydal som trudde han betalte inn til ein konto som tilhøyrde Atle Hamre.

Ein månad seinare, 9. januar 1997, overførde Nydal på ny 260.000 amerikanske dollar frå eigen konto i Sveits til Monaco-kontoen, som han ifølgje Økokrim trudde tilhøyrde Hamre.

Pengane vart ifølgje tiltalen i hovudsak nytta til handel med hestar etter direktiv frå Atle Hamre og i hans interesse. Økokrim meiner at Nydal fekk motytingar i form av hestar og tenester «som ble finansiert med utbytte av straffbare handlinger».

Utanfor mistanke

— Nydal er ikkje sikta eller mistenkt for noko straffbart i samband med transaksjonane, opplyser førstestatsadvokat Anne-Mette Dyrnes i Økokrim til Bergens Tidende. Det er ho som har leia etterforskinga og som har teke ut tiltalen mot Flatland.

— Nydal har status som vitne i saka. Det pågår inga etterforsking mot Nydal, og denne saka er avslutta for vår del når det gjeld Nydal, seier Dyrnes.

Ho opplyser at Økokrim heller ikkje har funne grunn til å orientere politiet i Bergen om Nydal sitt forhold og denne delen av Flatland-saka.

«Falsk forklaring»

Flatland vart avhøyrd som vitne i 1999 då Økokrim etterforska saka mot Atle Hamre. Han vart då spurd om han kjende til selskapet Benjamin Overseas Inc. Han nekta for å ha kjennskap til selskapet under avhøyr 13. og 27. juli 1999. 14 dagar seinare, 11. august 1999, avslutta han kontoen til Benjamin Overseas Inc. i Banque du Gothard i Monaco. Han overførde då 183.981 amerikanske dollar og 176.309 franske franc til ein ny konto i ein annan bank i Monaco.

Etterforskinga har ifølgje Økokrim avdekka at selskapet hans, Benjamin Overseas, har investert i hestar i Noreg. Han skal også ha gjeve instruksar til banken om å gjennomføre fleire transaksjonar som galdt fleire hestekjøp.

Selskapet og bankkontoen vart offentleg kjent under hovudforhandlingane i straffesaka mot Atle Hamre i 2000. Spora peika då mot Flatland. På fjernsynet sa han at det var hans konto.

Seinare på hausten vart han på ny avhøyrd av Økokrim, og han skal då ha forklart at pengane tilhøyrde Øyvin Nydal.

Det har ikkje lykkast Bergens Tidende å få kommentarar frå Flatland eller frå forsvararen hans, advokat Christian Selmer.

Stans for Hamre

Ankesaka mot Atle Hamre som for tida pågår i Agder lagmannsrett, vart i går stansa etter krav frå forsvararen, Tor Erling Staff. Han ville ha høve til å setje seg inn i tiltalen mot Hallvard Flatland før forhandlingane held fram. Hamre vart i 2000 dømd til fem års fengsel for utpressing mot skipsreiar Thor Christensen.

Det er venta at rettsforhandlingane held fram om eit par dagar.

KVITVASKAR-HJELP: Hallvard Flatland (45) må svare for ein tiltale for grovt heleri i Asker og Bærum tingrett. Økokrim meiner han har hjelpt travkusken Atle Hamre til kvitvasking av pengar som Hamre er tiltala og dømd for å ha pressa frå skipsreiar Thor Christensen.
Arkivfoto: Aftenposten