Dette går fram av ei melding styret i selskapet i føremiddag har sendt Oslo Børs.

Ei endeleg avklaring på framtida for det kriseråka selskapet er tidlegast venta når børsen opnar fredag.

Dermed lettar det store oppdrettsselskapet litt på sløret sjølv, etter at media i fleire dagar har fortalt om krisa i konsernet.

Tidlegare i dag innførte børsen børspause for Fjord-aksjen, etter at selskapet hadde varsla om at det ville komme ei kunngjering. Etter at meldinga kom, er børsen sett aksjen under spesiell observasjon.

Styret og toppleiinga i Fjord Seafood har sidan måndag vore samla til møte for å avverge krisa i selskapet. Det store oppdrettsselskapet der Domstein-konsernet i Måløy er hovudaksjonær, er i store økonomiske vanskar. Selskapet treng tilførsel ny kapital for å greie å betjene gjelda.