VIDAR YSTAD

Oslo

Ap-veteranar meiner det må vere «tidenes rehabilitering», eller den største tilbakekomsten sidan Lasarus.

Tilsetjinga av Kjell Arne Bratli (55) som rådgjevar for presidentskapen, er møtt med forundring hjå dei som sat sentralt i Ap si stortingsgruppe rundt 1980.

— Undrande

— Eg stiller meg undrande til denne tilsetjinga. Han måtte haldast i øyra. Han bløffa litt mykje og var ikkje heilt enkel å ha med å gjere, seier tidlegare stortingsrepresentant Gunnar Skaug til Bergens Tidende. Skaug var leiar av gruppesekretariatet då Bratli vart tilsett som gruppesekretær i 1978.

— Eg veit om denne tilsetjinga. Eg vart svært overraska, seier Thorbjørn Berntsen til Bergens Tidende. Han sat i styret for stortingsgruppa då Bratli vart tilsett og då han måtte slutte.

— Han var heilt ekstrem i utanriks- og forsvarspolitikken og høgrevridd elles i politikken. Fleire i gruppa oppfatta han som «ein lyttepost for overvakinga», seier Berntsen.

- Visste ingenting

Stortingspresident Jørgen H. Kosmo seier dette om tilsetjinga av Bratli som rådgjevar for presidentskapen:

— Han søkte og vart tilsett på heilt vanleg måte. Han var ein av mange søkarar til stillinga og vart vurdert som den best kvalifiserte.

Kosmo seier at han ikkje hadde nokon kjennskap til forhistoria frå Bratli si tid i Ap si stortingsgruppe, då han i fjor vart tilsett i Stortinget.

Sjølv seier Bratli til BT at han søkte på heilt vanleg måte. Bratli som er frå Horten, heimbyen til stortingspresident Kosmo, vil i dag ikkje svare på om han er medlem av Ap.

Bratli er mellom anna taleskrivar for presidentskapen. Fleire medlemer av presidentskapen gjev uttrykk for at han er ein god taleskrivar.

Aktiv reserveoffiser

Kjell Arne Bratli (55) har bakgrunn som marineoffiser. Han har også vore aktiv i Norske Reserveoffiserers Forbund. I den samanhengen var han med i ein delegasjon frå forbundet som i 1993 var på slottet for å tildele heidersteiknet frå forbundet til dronning Sonja. Delegasjonsleiar var oberstløytnant Torgeir Stensrud, i dag kjend som ein av dei to tiltala i Finance Credit-saka.

- Mysterium

Steinar Saghaug, var nestleiar for sekretariatet då Bratli var gruppesekretær. Seinare vart Saghaug leiar for gruppesekretariatet i Ap. Til Bergens Tidende seier han:

— Første bod i ein jobb som gruppesekretær, er at du opptrer lojalt - ikkje minst utetter. Det må vere eit absolutt krav. Det skorta det mykje på i dette tilfellet. Det er eit mysterium korleis han fekk jobben i gruppa. Vanlegvis er det ei finsikting og kvalitetssikring av opplysningane. Men det måtte ein ha hoppa bukk over her.

— Det vart etter kvart ein umogeleg situasjon. Han måtte ut av jobben, ganske enkelt, seier Saghaug.

Saghaug seier at han etter eit langt liv i politikken er van med at somme finn seg «nye vegar» nokså langt borte frå utgangspunktet.

— Men då han etterpå dukka opp som redaktør i det sterkt konservative Morgenbladet, var den overgangen ganske spesiell for oss. Det vart heilt feil. Eg kan vel seie at Ap-gruppa følte seg lurt trill rundt, seier Saghaug.

Vart fjerna

Bratli hadde oppgåver som sekretær for Ap sine fraksjonar i utanriks-, forsvars- og justiskomiteane.

Men då Arvid Johanson vart leiar for utanrikskomiteen i 1979, sytte han for å få fjerna Bratli som sekretær for fraksjonen. Bakgrunnen var at han ikkje hadde tillit til Bratli.

Johanson vil ikkje uttale seg om saka i dag. Men han stadfester at han hugsar både Bratli og saka.

Gunnar Skaug uttala i 1982 om tilsetjinga til Dagbladet mellom anna:

«På det tidspunkt tilsettingen skjedde vil jeg si at den ikke var uforsvarlig. I tida etterpå ble tillitsforholdet etter hvert ganske frynsete.»

- Mi tid var forbi

I dag seier Bratli til Bergens Tidende:

— Det var ein del diskusjon i Ap på Stortinget om retninga i tryggingspolitikken. Eg har sett på trykk ei vurdering som sa at eg var så patent i tryggingspolitikken at jamvel Haakon Lie var fornøgd. Det trur eg er dekkjande. Det var nokså turbulent. Eg følte at mi tid var forbi og sa opp jobben sjølv.