52 prosent av fitjarbuen er mot vindmøller i kommunen, viser ei undersøking i avisa Sunnhordland. Då dei folkevalde i Fitjar vedtok reguleringsplanen for vindmølleparken i går, gjekk ni representantar inn for ein vindmøllepark på om lag 16 kvadratkilometer. Åtte ville redusera parken noko.

Aksjonsgruppa for vern av Fitjarfjellet ristar på hovudet av vedtaket.

— Dette er ein vindmøllepark midt i rekreasjonsområdet for heile Stord-øya. Parken omkransar sentrum, me fryktar støyplager og verditap på bustadene våre, seier Torbjørn Hovland i aksjonsgruppa.

Detaljane for vindmølleparken, som antal og plassering, skal komme opp som sak for det kommunestyret etter valet.

Då dei folkevalde gjekk inn for vindmøllene for vel to år sidan var det to tredjedels fleirtal i kommunestyret.

Anne Line Innvær (Ap) har leidd det politiske vindmølleutvalet. Ho er overtydd om at vindmøllene vert eit gode for folk i Fitjar.

— Ser ein nasjonalt på det kan ein ikkje ha ei vindmølle på eitkvart nes. Ein bør samle dei i parkar, og på Midtfjellet er vindforholda gunstige. Samstundes vil kommunen få gode ekstrainntekter frå vindparken, me kan utvikle Fitjar til å bli ein enda betre stad, seier Innvær.