Då forklarte statsråd Victor D. Norman på fjernsynet at det er viktig at direktorat som driv med handheving av politikk, ligg nær departementa fysisk.

Utsegna har vekt stor oppsikt i forvaltninga og i det politiske miljøet. Spørsmålet er kva konsekvensar ein slik tankegang vil ha både for den planlagde utflyttinga og for lokalisering av andre etatar.

Norman kom med utsegna då han skulle forklare kvifor regjeringa vil legge eit nytt utdanningsdirektorat til Oslo samstundes med at ein slit med å flytte andre direktorat ut av Oslo.

Skal direktorata flyttast for å kome nær departementa, er det mange som må flytte.

— Vi har ikkje køyrt noko om at vi skal flyttast til Oslo. Etter 103 år i Bergen, der vi fungerer godt, er vel det ingen god idé. Nei, dette er ein ny vri, seier fiskeridirektør Peter Gullestad, til Bergens Tidende.

I går stilte ein seg spørsmålet i Kystdirektoratet i Ålesund om ein nå skal flytte dette direktoratet tilbake til Oslo, to år etter at direktoratet vart flytta frå Oslo.

Sjøfartsdirektoratet skal etter planen flyttast til Haugesund. Fungerande sjøfartsdirektør, Roar Skuggedal, seier til Bergens Tidende at ein der har merka seg utsengene til Norman.

— Dersom vi skal gå inn i substansen når det gjeld verksemda vår, er det dette å seie: Direktoratet sentralt i Oslo har 230 tilsette. Det aller meste av tilsynsverksemda blir utførd ved våre 19 lokale stasjonar og fire distriktskontor som har tilsaman 120 mann. Sentralt fører vi tilsyn med maritime sertifikat og teikningar. Men det utgjer minimalt av arbeidsoppgåvene våre. Oppgåvene elles gjeld internasjonal regelverksutforming. Vi er mellom dei som arbeider mest i kontakt med utlandet, mellom anna i EMSA.

Direktoratet for Arbeidstilsynet skal etter planen flyttast til Trondheim.

Også dette direktoratet har minimalt med tilsynsoppgåver sentralt. Dei oppgåvene blir utførd av distriktskontora. Det aller meste av arbeidet i direktoratet gjeld regelverksutvikling, internasjonal kontakt og støttefunksjonar for distriktskontora, opplyser direktøren for tilsynet, Ivar Leveraas, til Bergens Tidende.