Trond Sangolt slår bråkvikt bakk på motoren i det garnet brått rusar ut.

– Dette er ein av dei farlegaste operasjonane, seier han.

Faren er å bli hengande fast i garn og tauverk, og blir dregen over bord. Det gjeld å halde seg bak bruket, og aldri finne på å gripe fatt i garnet om det skulle vase seg saman.

– La det fare, seier Sangolt.

Sidan 1. februar har 48-åringen frå Skogsvåg i Sund fiska etter torsk og sei i havet utanfor Ålesund.

Sangolt fiskar åleine, i den knapt eitt år gamle 40-fots sjarken «Eirik».

Skulle han falle i sjøen eller bli skadd er der ingen om bord som kan hjelpe han.

Toppar ulykkesstatistikken Sangolt høyrer til den gruppe fiskarar som er aller mest utsett for å omkome på sjøen, i følgje statistikk som er samla av forskingsstiftinga SINTEF (sjå grafikk).

Seniorforskar Halvard Aasjord hos SINTEF Marin la tidleg i januar fram ein rapport som samanlikna faren for å bli skadd eller omkome i fiskeri, landbruk, oppdrettsnæringa og på forsynings— og slepeskip i oljeindustrien.

Både når det gjeld skadde og omkomne kjem fiskerinæringa verst ut i høve til talet på yrkesutøvarar.

Aasjord har samla statistikk om ulykker i fiskerinæringa sidan 1955. Då rapporten kom hadde fiskerinæringa for første gang så lenge Aasjord kjenner til lagt bak seg eit år utan dødsulykker.

Dessverre tyder starten på 2009 på at 2008 berre var eit blaff. Sjarkflåten har hatt tre omkomne, kystflåten ein og havfiskeflåten – som har dei største fartya – har mista to.

Frå og med 1997 og til i dag har fiskeflåten hatt mellom ni og ti omkomne i året.

Det er fleire kvart år enn dei åtte som omkom då den norske slepebåten Bourbon Dolphin kantra på britisk sokkel i 2007.

Feil hos 85 prosent Sjøfartsdirektoratet starta i vinter ein omfattande kontroll av fiskeflåten, ein kontroll som framleis går føre seg. Så langt er det lite å glede seg over, i følgje underdirektør Lars Alvestad. (Sangolt sitt farty er ikkje mellom dei kontrollerte, red. merk):

  • 85 prosent av alle kontrollerte farty har fått eitt eller fleire pålegg om utbetringar.
  • Hos 45 farty var manglane så store at direktoratet har halde fartya attende til feilen var retta.
  • Typiske manglar er manglande sertifikat og ettersyn av lasse- og losseinnretningar, manglande sertifikat hos mannskapet, ikkje oppdaterte kart, manglande opplæringshandbok, feil på redningsutstyr og mangel på redningsøvingar.– Vi må ha ei drastisk haldningsendring for å få dette opp på eit akseptabelt nivå, seier Alvestad.

Får ikkje vere to Sangolt dreg garn, bløggar torsk, passar garngreidaren (som legg garnet fint på plass i garnbingen) og manøvrar samstundes båten for å hindre at garnet går i propellen.

Han skulle gjerne delt plassen om bord i «Eirik» med ein annan fiskar.

Dersom dei fekk drive såkalla samfiske kunne til dømes den eine la båten sin liggje heime under torskefisket og kvotane deira takast i fellesskap med ein båt.

– Det ville eg gjerne gjort, det er sikrare og meir effektivt. Det gjeld spesielt torskefisket om vinteren, som er mest arbeidskrevjande. Det er langt til havs og ofte dårleg ver.

Men Sangolt tvilar på han får lov. I den sterkt regulerte fiskerinæringa høyrer han til han ei farty- og fiskargruppe der styresmaktene ikkje opnar for slikt samarbeid.

– Det er vanskeleg å forstå logikken, når kvar fiskar har ein fast kvote, seier Sangolt.

Sikrare båt, mindre kvote Då Sangolt skifta båt i fjor fekk han eit nytt døme på konflikten mellom tryggleik og det politiske ønskjet om å oppretthalde ein variert fiskeflåte, med plass til også dei minste fartya.

Den gamle båten var ein såkalla speed-sjark, ein raskare, men også stuttare båt.

Problemet med den gamle båten var dårleg stabiliteten med last på dekk.

For fem år sidan låg Sangolt med ripa i sjøen etter at speedsjarken vart råka av ein stor sjø.

– Det var garnlasta som flytta på seg. Eg måtte ut på dekk og rette opp lasten. Hadde det kome enda ein stor sjø til før eg hadde fått snudd båten så hadde eg velta.

«Eirik» går saktare, men er meir stabil.

Den er også større enn den gamle. Det er sikrare i seg sjølv, meiner Sangolt. Krava til tryggleiksutstyr er også større enn på gamlebåten.

Men storleiken fekk også ein bieffekt i fjor som Sangolt ikkje sette pris på. Med større båt vart makrellkvoten hans redusert med ein fjerdepart.

FRITT, MEN FARLEG: Trond Sangolt er sin eigen here, men han og yrksebrørne hans topper også ulykkestatistikken i yrkeslivet. Vinterfisket etter torsk utanfor Møre utgjer kring ein tredjepart av årsinntekta hans, og då må han ofte ein time eller to ut i havet for å finne fisken.
Tor Høvik