Den 75-årige organisasjonen seglar dermed vidare samla med både sjarkfiskarar, trålarar og ringnotreiarar i samme båt. Ny leiar for Norges Fiskarlag er finnmarkingen Reidar Nilsen, som etterfølgjer Oddmund Bye frå Nordland.

Til sist var det ringnotgruppa som måtte fira på kvotekravet for den mest omstridde fisken, makrell. Kystfiskarane auka frå 17 til 18,5 prosent i forhold til Ressursutvalet si innstilling, trålarane får óg litt meir på kostnad av ringnotflåten.

Berre to røysta imot det siste kompromisset, begge kjem frå Fiskarlaget Vest og tilhøyrer industritrålarane i Nordsjøen, Arne Lønning frå Bømlo og Helge Olav Vikshåland frå Karmøy.

— Det var ikkje råd å få fleirtal for vårt syn. Men Fiskarlaget som organisasjon kjem styrka ut frå landsmøtet i Trondheim, ettersom semja er nesten hundre prosent bak vedtaket, seier leiar Erling Skåtøy i Fiskarlaget Vest, som hevdar at vedtaket om strukturering av fiskeflåten betyr meir enn kvotefordelinga.

Åge Remøy frå Herøy på Møre er valt til ny 1.nestleiar , han representerer ringnotflåten i Fiskebåtredernes Forbund. 2.nestleiar er Jakob Magnar Jakobsen frå Fiskarlaget Vest og Sotra.