Han starta på flyet frå Bergen til Tønsberg. Vende seg til BT sin journalist og spurde: — Skal du på landsmøtet? Eg reiser til Tønsberg for å få Frp til å røysta mot strukturmeldinga for kystfiskeflåten. Den fører til døden for oss.

Skremmande vankunne

Hillersøy er ein av dei mest hardtslåande talsmennene for ei yrkesgruppe som ikkje er kjend for ein lågmælt og diplomatisk interessekamp. Gjennom 16 år i Senterpartiet, to år i Kystpartiet og nå eit år i Frp har Hillersøy kjempa kystfiskarane si sak. Fiskeriminister Svein Ludvigsen sitt framlegg om omsettelege fiskekvotar kan leggja kysten aude, fryktar Hillersøy.

— Hadde eg meldt meg inn i Frp då Hagen vitja Bulandet for tre år sidan, hadde eg truleg sleppt dette her. Ja, eg trur faktisk det. For her er det skremmande mange som ikkje veit kva saka går ut på, seier Hillersøy.

I programmet går partiet inn for omsettelege kvotar. Difor har Hillersøy vore på utrøytelig jakt etter støttespelarar denne helga. Jamvel Stein Kåre Kristiansen i TV2 måtte stå til rette for at fjernsynsstasjonen ikkje har fleire saker om fiskeripolitikk.

Får støtte

Stortingsrepresentantane Lodve Solholm, Per Sandberg, Kenneth Svendsen, Øystein Hedstrøm og tillitsvalde på alle nivå har vorte kontakta. Også den tidlegare fiskaren i Os, Terje Søviknes.

— Fiskeripolitikken til Frp er ikkje heilt god, vedgår han.

— No skal vi gjera framlegg til sentralstyret om at det vert sett ned eit fiskeripolitisk utval i Frp, lovar Søviknes.

— Han har eit voldsomt engasjement, seier Kenneth Svendsen frå Nordland.

— Eg er nøydd til å stå på, seier Hillersøy.

— Argumenta dine er gode, legg Svendsen til.

— Men dei står i motstrid til Frp sitt program? skyt BT inn.

— Ja, men som du sikkert har fått med deg, så har vi modernisert våre standpunkt i andre saker under landsmøtet. Og det kan jo skje i denne saka og, svarar Svendsen, og hjelper Hillersøy med å få kontakt med fylkesleiarar i både Troms og Finnmark.

Pengemakta vinn

Då Hillersøy oppsummerte dagen i lag med fylkesleiar Åge Starheim frå Sogn og Fjordane Frp var han oppglødd.

— Eg har fått støtte frå alle hald. Fylkesleiaren i Finnmark gjev full støtte. Per Sandberg lovar å reisa saka mi i stortingsgruppa. Eg skal senda brev til han. No manglar det berre å få ein prat med Hagen. Det må gå.

Hillersøy eig ein stor kystfiskebåt i lag med broren. Med eit mannskap på sju driv han notfiske langs kysten frå Lindesnes til Nordkapp. No skal kvotane ned.

— Skal eg få kvote stor nok, lyt eg kjøpa. Det kostar så mykje at det ikkje vert råd å få økonomi i verksemda. Då kan eg selja og sitja att med nokre millionar i staden og kasta mannskapet på sju i land på Bulandet til arbeidsløyse. Det har eg ikkje samvit til, og det trur eg ikkje Frp vil gå inn for heller, seier Hillersøy.

FISKAR: Kystfiskar Tore Hillersøy eig ein kystfiskebåt. Regjeringas framlegg til strukturendring i kystfiskeflåten er han redd vil leggja kysten aude. <p/>FOTO: JON AUDUN HAUKØ