Ulukka skjedde då ein førar miste kontrollen over bilen og køyrde inn i to bilar som kom i mot.

-Bilen miste veggrepet i ei slakk høgrekurve og traff ein møtande bil. Bilen fekk så sleng og traff nok ein bil som kom i mot, seier lensmannsbetjent Mikal Bjønvik ved Stord lensmannskontor.

Den siste bilen fekk store materielle skader. I alt fire personar blei sende med ambulanse til Fylkessjukehuset på Stord etter kollisjonen. Ingen skal ha fått alvorlege skader. Ulukka skjedde like før klokka 20 vesle julaftan, og det var i følgje politiet svært glatt på vegen.