• Det er ikkje snakk om å setja punktum, seier faren til Birgitte Tengs sin fetter. Tysdag avgjorde Gulating lagmannsrett at fetteren ikkje får erstatningssaka si opp på nytt.

HILDE KRISTIN STRAND

I 1998 vart Birigitte Tengs sin fetter frikjend for å ha tatt livet av jenta. Likevel vart han dømd til å betala foreldra hennar 100.000 kroner i erstatning. Fetteren begjærte den sivile delen av dommen gjenoppteken, og saka har vorte sendt mellom ulike rettsinstansar i fleire år. Tysdag avgjorde Gulating lagmannsrett at saka ikkje vert tatt opp på nytt. Lagmannsretten meiner at vilkåra for å ta saka opp på nytt ikkje er til stades.

Ikkje rett til ny handsaming

Fetteren har fått erstatning både frå Høgsterett for urettmessig straffeforfølging og frå Den europeiske menneskerettighetsdomstolen i Strasbourg.

Etter lagmannsretten sitt syn kan ikkje Den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen (EMD) sin dom vera grunn til å ta saka opp på nytt. I ei pressemelding skriv retten at ein ikkje har nokon automatisk rett til å få saka tatt opp att i dei tilfella der ein anser at det har skjedd konvensjonsbrot.

— Eg hadde aldri trudd at dette skulle verta resultatet. Eg har snakka med sonen min, og han er òg skaka, seier faren til fetteren til BT.

— Men etter å ha tenkt ei stund, må eg seia at eg ikkje lenger vert overraska over Gulating lagmannsrett. Habiliteten deira er brukt opp, legg han til.

— No må me setja vår lit til Høgsterett ein gong til. Me kjem til å halda på til sonen min er ute av dette.

Advokat Arvid Sjødin, som representerer fetteren, stadfestar saka vil verta påkjært til Høgsterett.

- Eit overgrep

— Gulating har handsama denne saka fleire gongar. Eg er samd med far til fetteren i at det kan vera vanskeleg å overprøva det kollegaer har gjort, seier Sjødin.

— Gulating lagmannsrett har stadfesta dommen frå 1998 utan ein gong å endra ordlyden. Dei overprøver både sakkunnige og fagfolk. Dette er eit overgrep som held fram, og avgjerda er vanskeleg for andre enn dommarar å forstå, seier Sjødin.

Advokat John Christian Elden, som representerer foreldra til Birgitte Tengs, seier at dei er samde i avgjerda.

— Avgjerda samsvarar med dommen frå 1998 som dei meiner er rett. No håpar dei saka går mot ein ende, seier Elden.

Det lukkast ikkje BT å få kontakt med førstelagmann i Gulating lagmannsrett, Rune Fjeld, tysdag kveld.