Fredag ettermiddag, dagen før utreisefristen hennar gjekk ut, fekk fembarnsmora frå Makedonia dom i saka, som ho har reist mot den norske staten.

Oslo tingrett har stadfesta avgjerda i Utlendingsnemnda (UNE): Ho må ut av landet. Same kveld vart kvinna innlagt på Sandviken sykehus i Bergen.

Dommen er anka til lagmannsretten — det same er avgjerda om at ho ikkje får bli i landet inntil saka er endeleg avgjort.

— Min umiddelbare reaksjon var: Denne avgjerda blir ikkje ståande, seier advokaten hennar, Jan Magne Eidsvik, til BT.

— Dommen er uforståeleg for folk flest, og i strid med alminneleg rettsfølelse. Dommen var tung å fordøye også for dei fem barna hennar, som bur på ein barneheim i Åsane. Men Eidsvik seier at dei framleis har håp om at mor får bli.

— Ja, bevares! Umiddelbart reagerte vi alle med sjokk og vantru, men ingen har gitt opp. Barna forstår at dei har tapt første runde, men går på med krum hals for å vinne den neste, seier Eidsvik.

Skaper debatt

Vedtaket i UNE om at fembarnsmora må ut, mens ungane får bli, skapte sterke reaksjonar og politisk debatt i januar.

Ungane fekk opphaldsløyve, fordi dei har budd i Norge i meir enn tre år. Mens mor fekk avslag på søknaden om familiegjenforeining, og frist til 25. juni for å forlate landet.

I 2001 avslo Utlendingsdirektoratet søknaden om asyl for familien. Etter eit avslag på omgjering av vedtaket i desember 2003, forsvann mora.

Barna vart plasserte på barneheim, og mor tok opp igjen kontakten etter to månader. Men sidan er barna, som i dag er i alderen 3-19 år, blitt tekne hand om av barnevernet i Bergen. Mor har dårleg psykisk helse.

I sitt vedtak la UNE til grunn at fembarnsmora frivillig overlét omsorga for ungane til andre, og at departementet ikkje ønskjer å løne foreldre som overlét ungane sine utan omsorgspersonar.