VIDAR YSTADUtøya

Kritikken gjekk dels på at «Ap har ein elendig miljøpolitikk», dels på at partiet leflar med og ansvarleggjer Frp, og dessutan kan tenkje seg å samarbeide med KrF.

Møtt med buing

Stoltenberg fekk klar beskjed om å legge kursen i partiet over mot venstre. Til sterk applaus i salen, vart han avkravd eit klart nei-svar for at partiet ikkje kan tenkje seg å samarbeide med «intolerante parti som KrF».

Det ville Stoltenberg ikkje gje. Han sa tvert om at når det nå ikkje er aktuelt med samarbeid med KrF er grunnen den at KrF sjølv har «valt side», Høgre.

Han vart møtt med buing då han hevda at Ap og KrF har samanfallande syn i viktige spørsmål.

— Dersom du tek eit steg til høgre, står vi bak deg og skrik og hojar og lagar problem, lova ein av partiungdomane.

«Stor i kjeften»

— Du er stor i kjeften, Jens, og bruker dei same kapitalistløgnene som Høgre om at vi treng meir strøm, sa til dømes Mimir Kristjánsson, frå Stavanger.

Stoltenberg fekk også oppmoding om å ringe til leiaren i Rogaland Ap for å snakke om vasskraftutbygging, etter at Stoltenberg hadde uttala at det var semje i partiet om at tida for dei stor vasskraftprosjekta er forbi. Fylkespartiet i Rogaland har nemleg gått inn for ei omfattande utbygging av Sauda-vassdraget.

Fleire av dei som hadde ordet etter innleiinga til Stoltenberg, fann det «pinleg at Ap står saman med regjeringa» om å bygge ut Snøhvit-gassfeltet utanfor Finnmark.

«Elendig miljøprofil»

Stoltenberg fekk høyre at «katastrofevalet» i fjor haust og den elendige oppslutnaden mellom unge veljarar, er ein konsekvens av partiet sin «elendige miljøprofil».

Stoltenberg seier til Bergens Tidende at han ikkje aksepterer premissane for kritikken. Han strekkjer seg likevel så langt som til å seie:

— Sjølvsagt kunne Ap ha hatt ein betre miljøpolitikk - som alle andre.

Men når vi spør kva som hindrar Ap i å ha ein betre miljøprofil, svarar han ved å vise til at Ap for 10 år sidan gjekk inn for handel med utsleppskvotar, under sterk kritikk, mens prinsippet nå er akseptert.

Giske utfordrar

Gårsdagen vart for Stoltenberg elles prega av at stortingsrepresentant Trond Giske varsla offentleg at han stiller som kandidat til vervet som nestleiar i Ap. Giske kunngjorde samstundes at han meiner Ap må legge kursen klart mot venstre - og innleie samarbeid med SV og Sp.

Det er liten tvil om at det passar Stoltenberg dårleg. Stoltenberg ville ikkje svare på korleis han ville like å få Giske som nestleiar når han sjølv skal veljast til ny leiar på landsmøtet i november.

AUF-leiar Eva Kristin Hansen gjorde det derimot klart at Giske vil ha stor støtte i AUF for sitt kandidatur som nestleiar i partiet. AUF er svært mykje einig med Trond Giske, sa Hansen til pressa.

Inga oppmoding til Giske

Stoltenberg avslo i går konsekvent å svare på eitkvart spørsmål om samansettinga av den nye partileiinga.

Men til Bergens Tidende svara han eit klart «nei» då vi spurde om han hadde oppmoda Giske om å rykke ut med kandidaturet sitt.

Stoltenberg ville heller ikkje svare på spørsmål om kva han meiner om kjønnskvotering i den nye partileiinga, sjølv om partiet har vedtektsfesta prinsippet om kjønnskvotering i partiet for snart 20 år sidan. Han avslo også å svare på om det vil vere naturleg at han blir spurd av valkomiteen om kven som bør bli ny eller nye nestleiarar i partiet.

IKKJE SOSIALIST: - Nei, eg er ikkje sosialist. Det er meir rett å kalle meg sosialdemokrat, kunngjorde påtroppande Ap-leiar, Jens Stoltenberg, på Utøya i går. Han vart transportert til Utøya i båten «Reiulf». Dei fleste andre tok turen med fartøyet «Thorbjørn». Symbolsk - etter den opprivande partileiarstriden tidlegare i år?

FOTO: BJØRN SIGURDSØN SCANPIX

MØTT MED BUING: Jens Stoltenberg fekk klar beskjed om å legge kursen i partiet over mot venstre. Ein slik garanti ville Stoltenberg ikkje gje.

FOTO: BJØRN SIGURDSØN SCANPIX