Personal— og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen, stadfestar at avtalen om å rekruttere polske helsearbeidarar ikkje har vore konkurranseutsett. Ifølgje Helse Vest er grunnen at det ikkje fanst alternativ til det svensk-polske rekrutteringsselskapet:

— Vi søkte i Europa, men fann ingen andre enn Paragona som kunne ta på seg eit slikt oppdrag.

26 helsearbeidarar

I BTMagasinet laurdag fortalde vi om prosjektet der Paragona har rekruttert polske doktorar og farmasøytar til norske helseføretak og apotekkjeder. Rekrutteringsselskapet har denne vinteren lært 14 legespesialistar og 12 farmasøytar norsk språk og om norske samfunnsforhold på ein campus i Warszawa.

Helse Vest stod sentralt då avtalen blei forhandla fram i fjor vår. Etterpå blei helsearbeidarane valde ut gjennom ein stor prosess som mellom anna omfatta intervju og besøk til aktuelle stader i Norge. Norskundervisninga tok til i november, og skal avsluttast med eksamen no i vår. Frå sommaren er dei polske helsearbeidarane og deira familiar på plass i Norge.

At avtalen skulle vore konkurranseutsett, vil ikkje få ikkje konsekvensar for dei aktuelle helsearbeidarane som har takka ja til jobb. Fleirtalet av legane skal til sjukehusa i Førde og Lærdal. Også mesteparten av farmasøytane blir vestlendingar. Ikkje mindre enn halvparten skal jobbe ved apotek i Bergen.

Det er første gongen norske sjukehus rekrutterer inn helsearbeidarar på denne måten. Etter det Bergens Tidende forstår er Helse Vest i gang med å inngå avtale om ein tilsvarande rekrutteringsrunde til vinteren.

Omfattande avtale

Avtalen er verd fleire millionar kroner. Legane og farmasøytane har sagt opp sine stillingar i Polen, og fått stipend frå helseføretaka og apotekkjedene for å kunne ta norskutdanninga. Helseføretaka skal i utgangspunktet betale 360.000 kroner for kvar lege. Men avtalen er formulert slik at prisen går ned til fleire helsearbeidarar Paragona klarer å skaffe.

Regelverket for offentlege innkjøp legg opp til at kjøp av varer og tenester til ein verdi av over 500.000 kroner skal lysast ut nasjonalt. Er verdien av tenesta over 1,7 millionar, skal det gjennomførast ei internasjonal utlysing. Rekrutteringskontrakten har dermed eit økonomisk omfang som gjer at den godt overstig kravet for internasjonal utlysing.

— Tipset om Paragona fekk vi frå Danmark. Dette var einaste selskapet vi fann som kunne gjere det oppdraget vi ville ha utført, seier Hilde Christiansen.

Lov om offentlege innkjøp har eit unntak dersom det berre finst ein tilbydar av ei vare eller ei teneste. Då er det ikkje nødvendig med utlysing.

Ifølgje Christiansen har Helse Vest ein avtale med rekrutteringsselskapet Mercuri. Dei har skrive under på at det var greitt at Helse Vest i denne konkrete saka gjekk til Paragona.

— Vi kan dokumentere alt vi har gjort, og meiner at vi har halde oss innanfor lova, seier personal- og organisasjonsdirektøren.

FAKSIMILE: BTMagasinet lørdag 10. mai.
LÆRER NORSK: Firmaet Paragona i Warszawa rekrutterer og lærer polske legar og farmasøytar norsk for jobbar i Norge. Her er Damian Szatkowski frå Gdansk.
Lillebø, Jan M.