Middagen i Roma vart spandert av den norske ambassadøren, Eva Bugge. Middagen vart faktisk halden i høve forsvarsministerens besøk i Roma med 30 gjester til stades. Dei fleste gjestene var norske offiserar.

Det opplyser ministerråd Espen Rikter-Svendsen ved den norske ambassaden i Roma til Bergens Tidende.

Staten betalte dobbelt

Dermed betalte staten dobbelt opp for den tidlegare forsvarsministeren: først statleg middag, så full diett som også dekker middag.

Lunsjen i Brussel vart halden i samband med eit forsvarsministermøte i EU.

Bergens Tidende har gjennomgått reiserekningane til militærsekretæren som alltid fylgjer forsvarsministeren på reiser. Statsrådens faste reisefylgje gjennom nesten fire år var oberst Nils P. Granholt.

BT har tidlegare gjennomgått reiserekningane til tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold.

Det er ved å samanhalde reiserekningane til Granholt og Krohn Devold, vi har funne opplysningane om middagen i Roma og fleire andre interessante forhold.

Heilt forskjellig

Oberst Granholt har på si reiserekning gjort krav om diett, men gjort frådrag for middag spandert av den norske ambassadøren.

Kristin Krohn Devold har også kravd full diett, men ikkje gjort frådrag for måltid og heller ikkje opplyst om at noko måltid vart spandert.

Oberst Granholt har dessutan gjort frådrag på rekninga si for lunsjen som vart spandert under møte i Brussel for EU sine forsvarsministrar.

Kristin Krohn Devold har heller ikkje her gjort noko frådrag eller gjeve opplysningar om betalt måltid.

Hadde full informasjon

Det gjekk to månader frå reisa vart gjennomførd til statsråden leverte reiserekninga si. Det inneber at Forsvarsdepartementet sat med alle relevante opplysningar om reisa då statsråden leverte reiserekninga si.

Dette gjev grunn til å stille spørsmål ved kontrollrutinane i Forsvarsdepartementet.

Granskingar som Bergens Tidende har gjort, viser gjennomgåande at obersten har vore pinleg nøye med å føre opp og trekkje frå påspanderte måltid eller måltid som inngår i hotellrekningar.

Det er store avvik mellom oberstens reiserekningar på dette punktet og dei reiserekningane Kristin Krohn Devold har levert frå dei same reisene og overnattingane.

Minibar

Oberst Granholt har rutinemessig betalt hotellrekningane for statsråden. Det har vore ein del av jobben hans. Av reiserekningane hans går det fram at statsråden i svært mange tilfelle har fått dekt utlegg til minibar.

Granholt har på si side vore nøye med å trekkje frå sine eigne utgifter til minibar.

Utgifter til minibar er ikkje heimla i statens reiseregulativ.

Ekspedisjonssjef Elisabeth Bødtker Larsen i Forsvarsdepartementet uttalar til Bergens Tidende at slike utgifter normalt ikkje skal dekkast, men at det kan skje i samband med representasjon.

Det er likevel ingen opplysningar i reiserekningane som indikerer at det har vore nokon form for representasjon.

Forsvarsdepartementet ville i går ikkje kommentere dei funn Bergens Tidende har gjort.

Sjølv har tidlegare statsråd Kristin Krohn Devold svart Bergens Tidende at alle reiserekningane hennar er godkjende av Forsvarsdepartementet. Ho viser til departementet og har ikkje kommentarar ut over det.

BÅDE MIDDAG OG DIETT: Den norske ambassadøren i Roma arrangerte middag med 30 gjester for forsvarsminister Kristin Krohn Devold 15. mai 2002.Krohn Devold kravde likevel full diett. ARKIV
KNUT STRAND