– Å, eit kyss! utbraut Sylvia Brustad då ho ville gje Rune Mæland ein klem saman med nøklane og eit hjarteleg versågod.

Mæland var like freidig då han fekk besøk av dåverande helseminister Ansgar Gabrielsen i valkampen i fjor haust. Eit ønske om å få kome seg på kino resulterte i eit løfte om ny bil. No gleder Mæland seg til at han og dei andre bebuarane får ta i bruk den nye bilen.

Politisk samarbeid

– Eg ser fram mot å reise ut til sommarhuset i Austevoll. Og så kan vi ta turar til byen og få rørt oss litt, seier Mæland. Til helga ønskjer han seg ein tur på Stadion – om han får billett.

Fotball og fiske gjorde at Mæland fann tonen med Gabrielsen under besøket i Mæland si leilegheit på Fantoft Omsorgssenter. Helseministeren lovde vekk 100.000 kroner, Bergen kommune har stilt opp med resten. Og Brustad delar gjerne på glansen.

– Eg vil seie at dette starta før mi tid, men det viser at det går an å samarbeide i politikken. Og det meiner eg er flott!

Bilen kjent frå TV 2

Det var i TV 2-serien «Erleveien» at løftet om ny bil kom. Gjennom 20 daglege nyheitsinnslag i valinnspurten i fjor haust fekk vanlege menneske kommentere både valkampen og dei politiske sakene dei er opptekne av. Før jul sendte TV 2 ein bil opp til Fantoft Omsorgssenter, slik at bebuarane skulle få teste korleis framtida ville bli.

Trude Drevland som er byråd for Helse og Omsorg i Bergen seier det har teke tid å få bilen på plass og få bygd den om.

– Bilen stod ferdig registrert først i går, og så kom Sylvia Brustad i dag. Det er jo ein flott gimmick, seier Drevland.

Sidan bilen kom i går har Mæland allereie fått vere med å prøve ut dei tekniske løysingane.

– Det ser bra ut, meiner han.

JARL B. HØVA