– Eg oppfattar at eg har brei tillit. Det er ikkje noko unisont krav frå grasrota om at eg skal gå av, sa Kristin Halvorsen til Bergens Tidende i går ettermiddag.

Alt peikar nå mot at SV-leiaren rir stormen av. Under det ekstraordinære sentralstyremøtet i går var det ingen som tok til orde for at partiet bør forlate regjeringa. Det er situasjonen trass i den sterke misnøyen både med resultat og prosess når det gjeld spesialstyrkar til Afghanistan.

Meir kjeft i vente

Då ho møtte stortingsgruppa i går kveld, fekk Halvorsen kjeft av sine eigne for handteringa av saka.

Det er likevel ei utbreidd oppfatning mellom kritiske SV-politikarar at Kristin Halvorsen maktar å halde full kontroll over landsstyret, slik ho også har det i stortingsgruppa og sentralstyret.

Det er ikkje dermed sagt at Halvorsen kan slappe heilt av.

Misnøyen i SV over Afghanistan-vedtaket er framleis sterk, og partiet skal halde ekstraordinære møte både i sentralstyret og landsstyret.

Kristin Halvorsen vedgår at det må til for å få lufta ut frustrasjonen.

– Det er like greitt å innkalle landsstyret og få lufta ut nå. Dersom ikkje det er godt nok for landsstyret får det trekke konklusjonane, legg ho til.

Mindre handlingsrom

Det mange oppfattar som ein udemokratisk prosess frå Halvorsen si side, kan svekke autoriteten hennar i neste omgang. Det gjer at ho kan ha mindre å gå på når det gjeld å få viljen sin ved samansettinga av det nye sentralstyret som skal veljast på landsmøtet i mars.

Internt i partiet er det ei utbreidd oppfatning at Halvorsen ønskjer at statssekretær Bård Vegard Solhjell skal overta nestleiarvervet etter statssekretær Henriette Westhrin som ønskjer avløysing. Solhjell, som tidlegare var partisekretær, er ein av Kristin Halvorsen sine næraste støttespelarar.

Valkomiteen tek sikte på å ha innstillinga si klar allereie førstkomande måndag.

Vurderte dissens

Når landsstyret kjem saman til ekstraordinært møte i morgon, handlar det dels om å lufte ut synspunkta frå frustrerte tillitsvalde, dels om å forklare og forsvare støtta til ein politikk som partiet prinsipielt er imot: å auke den norske militære innsatsen i Afghanistan.

Halvorsen seier at ho står fast på standpunktet om at det ikkje finst ei militær løysning i Afghanistan, og at ho er imot ei militær opptrapping.

Halvorsen seier at ho både vurderte om SV skulle ta dissens i regjeringa og eventuelt å forlate regjeringa då regjeringa behandla den nye oppmodinga frå NATO.

– Eg kom til at begge delar ville gje eit dårlegare resultat enn det vi landa ned på. Det ville setje oss utanfor. Vi ville då ikkje ha innverknad, og då ville det heilt sikkert ha blitt sendt norske spesialstyrkar til Sør-Afghanistan, som det er fleirtal for i Stortinget. Nå har regjeringa fatta vedtak om at styrkane som blir sendt, ikkje kan nyttast eller flyttast vekk frå Kabul-området, seier Halvorsen.

– Ikkje mogeleg

– Eg har forståing for at det er ulike oppfatningar av dette i landsstyret og at mange i landsstyret ynskte ei anna løysing. Men det var det berre ikkje mogeleg å oppnå i regjeringa. Nokon gongar må ein berre ta ei avgjerd og så får ein ta debatten og behandlinga etterpå, seier Halvorsen.

Nestleiar Audun Lysbakken som er sterkt kritisk til avgjerda om å sende norske spesialstyrkar til Afghanistan, seier likevel at det er sterk støtte til regjeringsprosjektet i SV.

– Vi har fått gjennomslag for mange av sakene våre. Vi må likevel ha ein open debatt om verdien av å sitje i regjering. Eg oppfattar resultatet av møtet i sentralstyret som ei tilslutning til at SV tener meir på å sitje i regjering enn ved å gå ut, seier Lysbakken.

Holm, Morten